NHO vil ha datakoding som obligatorisk fag på timeplanen

Koding og dataprogrammering må bli obligatorisk i grunnskulen, meiner NHO. Skuledagen kan bli utvida for å få plass til det nye faget, foreslår organisasjonen. 

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 03.01.2018 12:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NHO går dermed eit godt skritt lenger enn regjeringa, som i sommar la fram ein ny digital læringsstrategi.

På NHOs årskonferanse 9. januar vil saka stå høgt på dagsordenen. For blant medlemsbedriftene i organisasjonen blir det ropt høgt om behovet for meir digital og teknisk kompetanse.

Må bli best i verda

Almlid meiner høgkostlandet Noreg treng 20.000 nye arbeidsplassar i året i fleire tiår framover.

– Dei må vere konkurransedyktige internasjonalt. Då må våre ungdommar vere dei beste i verda på å utvikle ny teknologi, seier han.

– Kvifor er det viktig at faget skal vere obligatorisk?

– Fag som ikkje er obligatoriske, druknar gjerne i andre fag. Dessutan vil eit ikkje-obligatorisk fag kunne skape skilnadar mellom elevar frå ulike skular. Det ville vere utruleg dumt, meiner Almlid.

– Vi meiner at timetalet må auke for å vere sikker på at dette kjem med, seier han.

Ingen løfter

NHO set no sin lit til at regjeringsforhandlingane med Venstre fører fram. For Venstre har foreslått å nesten tidoble satsinga på programmering og IKT-tiltak i grunnopplæringa.

Men kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen vil ikkje love noko eige fag i programmering.

– I den digitale strategien for grunnskule og vidaregåande vi la fram i haust, seier vi at vi vil ha forståing for koding og teknologi inn i læreplanane. Likevel meiner vi ikkje at vi trenger fleire sjølvstendige fag inn i skulen, men heller betre kompetanse blant lærarane, seier Isaksen til NTB.

Også leiar i Utdanningsforbundet, Steffen Handal, er skeptisk til å innføre obligatorisk datakoding no.

Åtvarar

– Det er utvilsamt viktig at skulen gir elevane ei god forståing for korleis datateknologi fungerer. Men å innføre koding som eige fag no, vil eg åtvare mot. Norsk skule kan ikkje satse på alt samtidig, seier han til NTB og peiker på at arbeidet med å fornye læreplanen så vidt er i gang. Der skal det mellom anna bli rydda plass til meir djupnelæring.

– Vi må tenkje veldig nøye på kva som skal ut av skulen, og kva som skal inn. Då kan vi ikkje forhaste oss inn i ei omfattande endring og innføre eit nytt fag i koding som vil ta mykje tid, vere svært kostbart, og krevje enda meir etterutdanning, seier han.

Isaksen seier på si side at det er viktig at politikarane har respekt for den fagfornyinga som no går føre seg.