Framtida må lære seg å elske framtida

Jens Kihl, nestleiar i Noregs Mållag
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

La oss starte med ingressen ”Målfolket må lære seg å elske Lothepus”. Her er verbet ”må” brukt på same måte som NRK gjorde det tidlegare same dag: Ei sak om at barnehagane i Ørsta dreiv nynorsk språkstimulering fekk tittelen ”Her må dei lese nynorsk kvar dag”. Det kan jo tenkjast at dei rett og slett vil det? ”Målfolket må lære seg å elske Lothepus” liknar på ”Senterpartiet må lære seg å elske bønder” eller ”Mormor må lære seg å elske strikking”. Men ok, det er tydelegvis mot vår vilje at ein nynorsking no markerer seg.

Lothepus er stor på sosiale medium, peikar journalisten på. Det er imponerande at Lothepus har 135.000 følgjarar på Facebook, og det er all grunn til å gle seg over det. Verre blir det når journalisten skal jamføre: ”Sjølv Tone Damli har berre halvparten så mange følgjarar som han på Facebook, medan Daniel Kvammen har ein femtandedel. Ingen andre nynorske facebooksider er i nærleiken.” Lothepus er kanskje kongen, men han er ikkje åleine om å vere ein klikkvinnar: Det Norske Teatret har 53.000 følgjarar, Odd Nordstoga har 47.000 følgjarar, Ingebjørg Bratland har 30.000 følgjarar og Hadia Tajik har 51.000. Dette er ikkje grunnforsking, men døme på Facebook-sider som tydelegvis ikkje fengar i Framtida-bladstova. Mæland nemner sjølv Vassendgutane i kommentaren, men er ikkje innom det faktum at dei har 60.000 følgjarar på Facebook.

Les kommentaren: Lothepus er den nynorske superkjendisen verda treng

Så kjem det ein påstand som er relativt overraskande: ”(…) sanninga er at nynorsk for det meste har vore brukt på område for «spesielt interesserte», som lyrikk – eller på område der han har vore «kvotert inn», som på NRK.” I Noreg finst det 600.000 nynorskbrukarar. Eg stør av heile mitt hjarte dei (for) få lyrikksamlingane som kjem ut på nynorsk, men den tekstproduksjonen dei står for, kan ikkje samanliknast med kva som blir produsert på ein heilt vanleg nynorskskule gjennom ei veke. Det same gjeld NRK: I lange periodar er det bokmål som har vore ”kvotert inn” i NRK, ved at det har vore meir bokmål i rikskringkastinga enn kva som er bokmålsprosenten ute i samfunnet. Det har betra seg dei siste åra, men det er rett og slett ikkje sant at det fyrst og fremst er her nynorsken er å finne. Det aller meste er kvardagsnynorsken: Full av skrivefeil og utan prestisje, men akkurat slik eit bruksspråk fungerer. (Og mange på Marienlyst vil nok bli overraska over at NRK er for ”spesielt interesserte”, men det er ei anna sak.)

Så kjem det ein kritikk for at prisen ”Årets nynorskbrukar har gått til folk som ”ikkje når ut til massane”. Det er urimeleg å bruke ei einskild utmerking som målestokk på kor vidt målfolket heiar på kvardagsnynorsken, men ok, la oss ta Framtida på ordet: Fortel oss gjerne korleis Martine Rørstad Sand (Facebook-omsetjar), Kari Traa, Maria Parr, Ingvild Bryn, Arill Riise eller Aasmund og Odd Nordstoga ikkje når ut til massane. ”Mange nynorskfolk skjemmest nok litt over Lothepus og dei kommersielle sprella hans”, får vi vite, utan at det kjem noko døme på at nokon i målrørsla har den kjensla. At Samlaget har gjeve ut bok med han og at Noregs Mållag er stolte over å få han som medlem passar kanskje ikkje så godt inn i den historia?

LES OGSÅ: Boka om Lothepus toppar bestseljarlista

Og endeleg er vi ved kjernen: ”Lothepus viser ei anna side av nynorsken. Han viser at nynorsken er ikkje berre for folk som jobbar i kultursektoren og les filosofi på fritida medan dei drikk mikrobrygg frå Ægir.” Dette er sant. For Lothepus viser nemleg den vanlege nynorskbrukaren. Språkfakta 2015, som Ottar Grepstad står bak, viser ei rekkje slåande sanningar om nynorskbrukaren. Lågare utdanning og lågare inntekt enn snittet er typisk. Vi er overrepresenterte innanfor yrka bonde og fiskar. Nynorskbrukaren bur gjerne på bygda. Det kan godt hende at denne gjengen er opptekne av kultursektoren, filosofi og mikrobrygg, men det finst ikkje rom i statistikken for å seie at den gjengse nynorskingen høyrer til nokon økonomisk eller kulturell elite. Var vi eit parti, ville ein kanskje seie at vi representerte folk flest. Det er korkje eit problem eller eit privilegium. Det er berre sanninga.

Eg er stolt og glad for kvar einaste medlem av eliten som engasjerer seg for vår, for det er jammen ikkje for mange av dei. Kvar professor, stortingsrepresentant eller forfattar hjelper oss eit lite steg på vegen i møte med det verkelege elitespråket i Noreg: bokmålet.

Målrørsla er inga eliterørsle. Vi arbeider for ein enklare kvardag for vanlege folk. At flest mogleg skal få lov til å bruke språket sitt der dei vil. På jobben. På burettslagsmøte. På skulen. På Tinder. Framleis er det slik at det beste språket har dei dårlegaste vilkåra. Det vil vi gjere noko med. Og vi er glade for å ha vår medlem Lothepus med på laget.

Les kommentaren til Runar Bjørkvik Mæland.