Alle elskar Lothepus ❤️


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Nestleiar i Noregs Mållag, Jens Kihl, meiner eg har stabla opp nok stråmenn til «ein heil listhaug» i min kommentar om at Lothepus er den nynorske superkjendisen me treng i verda. Tydelegvis har han late det gå sport i det, for han byggjer opp ein enno større listhaug i sitt svar til meg.

For det første, og mest alvorleg, rettar han kritikken sin mot heile Framtida.no. Som røynd pressemann veit sjølvsagt Kihl at resten av redaksjonen ikkje heftar for min kommentar, men dette vel han å sjå bort frå når han uttalar seg som mållagsmann. Lat det difor vera heilt klart at kommentaren står for mi eiga rekning.

Kihl misforstår dessutan fleire poeng i min kommentar. Når eg skriv at «Ingen andre nynorske facebooksider er i nærleiken,» meiner eg at ikkje at ingen er i nærleiken av Tone Damli og Daniel Kvammen, men at ingen er i nærleiken av Lothepus. Eg ser at dette kanskje var litt krokete formulert, men det var trass alt han heile teksten handla om.

Kihl vel i staden ei tolking som føreset at eg, som journalist i den einaste riksdekkjande nettavisa på nynorsk, ikkje følgjer Det Norske Teatret på Facebook. Arbeidet vårt har openbart ikkje gjort inntrykk på nestleiaren i Mållaget.

Vidare latar Kihl som at eg har hevda at NRK berre er for spesielt interesserte, eller at eg har kritisert samtlege tildelingar av utmerkinga Årets nynorskbrukar. Ingen av delane stemmer. Eg skreiv at nynorsken er kvotert inn i NRK gjennom offentleg politikk, noko han er (og det er bra), og eg peikte ut enkelte døme på utmerkingar som har gått til nynorskbrukarar på «smalare» felt. Når det gjeld Martine Rørstad Sand, sluttar eg meg heilt til tidlegare Framtida.no-kollega Anders Veberg sin kommentar frå i fjor: «Årets nynorskbrukar viser at nynorsk ikkje berre er for gubbar».

Alle som kjenner meg, eller som har følgt arbeidet mitt i Framtida.no (eg kan jo drøyma), veit dessutan at eg er svært glad i både nynorsk lyrikk og filosofi. Om noko er brodden i teksten retta mot meg sjølv.

Når Kihl endeleg kjem til det han sjølv kallar «kjernen», viser det seg at me likevel er heilt samde: Lothepus synleggjer på ein framifrå måte det store mangfaldet som finst i nynorskverda. Nynorsken er for folk flest, og alt som gjer han meir synleg er av det gode. Alle som sluttar opp om nynorsken er krefter for den gode saka, anten dei er breie eller smale, professorar eller skytebasar.

Dét er grunnlaget for arbeidet til både Framtida.no og Noregs Mållag, og det er ein god bodskap å ta med seg inn i jula og det nye året. Så får me leva med å kanskje vera ueinige i poenget eg spissformulerte i kommentaren min: Lothepus utvidar imaget til nynorsken på ein måte som den offisielle delen av målrørsla ikkje alltid har klart.