Årets nynorskbrukar viser at nynorsk ikkje berre er for gubbar

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hyllar Årets nynorskbrukar

I fjor var valet av Årets nynorskbrukar direkte provoserande.

Det er eigentleg ikkje kunsthistorikaren Jorunn Veiteberg som er problemet – det ho har gjort for nynorsken og norsk kunst er nok kjempeviktig for nokon. Det er eigentleg nynorsken sitt image som er problemet.

For det er problematisk at Årets nynorskbrukar, som skal vera ein prestisjetung pris, går til ein person som veldig få under 30 år har høyrt om,  har eit forhold til, eller har merka at eksisterer i det store og heile. I år var valet heldigvis meir fornuftig.

I år er Årets nynorskbrukar dama bak nyhendestraumen din på Facebook.

To argument for nynorsk. Eitt er bra.
Martine Rørstad Sand er nok heller ikkje eit kjend namn for dei fleste. Men arbeidet ho har gjort er kanskje det viktigaste målarbeidet sidan Ivar Aasen tok på seg sekken i 1843. Rørstad Sand har gjort nynorsken tilgjengeleg, sterk og tydeleg på ein stad der språket faktisk blir brukt. Ho har jobba med fleire prosjekt, men hovudsakleg på Facebook. Det du sjekka rett før du kom hit, og det du kjem til å sjekka igjen med ein gong du har lest ferdig. (Del denne kommentaren medan du er der, då)

Fjorårets vinnar viser at me bør ta vare på nynorsken fordi den er kulturarva vår. Det er det første argumentet. Nynorsken er ein del av vår felles identitet og historia vår fram til i dag – det som gjer oss til dei me er, rett og slett. Det er kjempeviktig, og absolutt ein grunn til å halda nynorsken levande i ein eller annan form. Men det er ikkje det som verkeleg betyr noko i kvardagen.

Martine Rørstad Sand har også bidrege til nynorsk i dataspel og på Wii U.

Nynorskbrukarar har eit dårleg rykte
Nynorsken blir gjerne sett på som noko arkaisk og utdatert. Det er noko sta vestlendingar tviheld på fordi det ikkje er noko anna å finna på i distrikta. Spynorsk, som blir dytta ned i halsen til uskuldig ungdom. Dette har konsekvensar – mange byter målform så snart dei får sjansen. Nokon, som Sesilie Bjørdal skriv i NRK Ytring, kjenner på alvor litt uro for å bruka språket sitt, til dømes som arbeidssøkande.

Vil me verkeleg bli assosiert med dei grå gubbane som tviheld på eit nærast utdøydd språk fordi «det er viktig for kulturarva vår»? Vil me vera med i den gruppa med skjorta i buksa, mobilhylster i beltet og eit bankande hjarte for nynorsk og gamaldans?

Dei fleste nynorskbrukarar har nok ikkje mobilhylster i beltet, men dei fleste nynorskbrukarar opplever eit stigma rundt det å bruka språket sitt, og stereotypen som vart skildra over kunne vore langt slemmare. Det er sjølvsagt hårreisande løgner spreidd av bokmålsfolket fordi dei er sjalu, men likevel er det grunn til å vera urolege.

Og det er ein strålande grunn til å gi målprisar som Årets nynorskbrukar til unge språkambassadørar som Martine Rørstad Sand.

Gi oss nokon å sjå opp til
Årets vinnar viser at me bør ta vare på nynorsken fordi det er eit bruksspråk, potensielt for alle. Nynorsken blir styrka der det er naturleg å bruka den, utan at det blir kunstig og med eit vagt argument om kulturarv i ryggen.

Martine Rørstad Sand oppfyller alle krava til Årets nynorskbrukar. Prisen skal gå til «personar eller institusjonar som har synt evne til å bryta med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettaren å vera nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk».

Me treng fleire slike. Og dei finst, men dei får gjerne ikkje den skryten dei fortener frå målrøyrsla, og spesielt Nynorsk kultursentrum. Emil André Erstad, tidlegare leiar i KrFU, har vore ein av dei mest markerte ungdomspolitikarane. Han har ei stor karriere framfor seg, og nyleg kom boka «Farvel, Syria», som tok opp eit høgaktuelt tema på ein lett tilgjengeleg måte – sjølvsagt på nynorsk. Sesilie Bjørdal er allereie nemnt – som med rette luftar uroa ho kjenner på ved å bruka språket sitt, og samtidig understrekar kor viktig det er å motarbeida stigma. Å gi ho ein slik tittel for det åleine er kanskje litt ivrig, men me treng slike stemmer.

Sesilie Bjørdal har skrive meir tidlegare: Ho har mellom anna slått eit slag for kvardagspuppen.

Nynorsk må bli eit bruksspråk
Me brukar språk på ein annan måte enn me gjorde før. Mykje av teksten me skriv er på Facebook, og dei fleste nynorskbrukarar har gjerne Facebook på nynorsk. Det hender til og med at bokmålsbrukarar har Facebook på nynorsk, gjerne med litt ironisk distanse. Likevel gjer det at nynorsken ikkje berre er «fin i dikt», men eit fint og nyttig bruksspråk. Skilnaden på dei to er enorm. Viktigheita av å vera eit bruksspråk er avgjerande for kor lenge nynorsken vil halda seg levande og relevant.

Den beste måten å læra eit språk på er gjennom hyppig eksponering og bruk. Det er derfor nynorskbrukarar vanlegvis har lettare for å lesa og skriva bokmål enn omvendt – bokmålet er overalt, då kjem læringa naturleg. Om nynorsken er framfor deg heile tida på Facebook, vil du også læra gradvis. Nynorskbrukarar vil bli sikrare i språket sitt, bokmålsbrukarar vil få eit nærare forhold til nynorsken. Kanskje lærer dei etter kvart at «kvisleis» ikkje er eit ekte ord.

I så fall skal Martine Rørstad Sand ha mykje av æra.

Fleire liknande saker:

Ingeborg Steine Jensen fekk panikk då ho såg eksamensoppgåva på tullenynorsk. Ho protesterte, og NTNU la seg flate.

Skandinavarar snakkar «baklengs» – her er grunnen.

Noregs Mållag fekk nyleg ein ny leiar, frå ein stad i landet du sikkert ikkje hadde gjetta:– Rarast av alt er det at det ser ut til at nynorskingane vil ha ein østfolding til å prate for seg

Faktaboks

 Årets nynorskbrukar 2000–2016:

 

2016: Facebook-omsetjar Martine Rørstad Sand 

2015: Kunsthistorikaren og journalisten Jorunn Veiteberg

2014: Songlyrikarane Aasmund Nordstoga og Odd Nordstoga

2013: Filosofen Gunnar Skirbekk

2012: Journalistane Ingvild Bryn og Arill Riise

2011: Bloggar Linda Sæbø

2010: Forfattar Maria Parr

2009: Seksjonsoverlege Ottar Rekkedal

2008: ÅmliAvisa v/redaktør Inger Stavelin

2007: Forlagsredaktør Guri Vesaas

2006: Forretningskvinne og toppidrettsutøvar Kari Traa

2005: Forfattar Kjartan Fløgstad

2004: Musikkgruppa Side Brok

2003: Redaktør Martin Toft

2002: Ringstabekk skole

2001: Hotelldirektør og visepresident i NHO Gerd Kjellaug Berge

2000: Høgsterettsdomar Karl Arne Utgård

Kjelde: Aasen-tunet