Nyttig eller nyttelaus nynorsk?

Tuva Moholdt
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Kva? Er det mogleg at nynorsk kan være eit favorittfag? Er ikkje det i strid med naturlovene?

Kanskje ikkje. I alle fall finst det eit unntak. Læraren til bror min har nemleg funne ut at det finst fleire måtar å lære bort nynorsk på enn å skrive bøying på bøying på bøying på bøying.

Rappekonkurransar

Dei har rappekonkuransar på nynorsk. Lagar skodespel på nynorsk. Les teikneseriar på nynorsk. Og når dei faktisk måtte gjennom bøying av verb og substantiv gjorde læraren det like greitt til ein konkurranse. Han gjorde nynorsk til eit favorittfaget i 8.klasse på Veienmarka ungdomsskole.

Ein lærar har knekt koden, så da er det kanskje ikkje heilt umogleg? Eg kan skimte eit lite lys i enden av tunellen. Nærmar vi oss slutten på time etter time der elevane sit og ser på at læraren skriv bøying på bøying på bøying på bøying? Kan du tenkje deg kor mykje resultata kan endra seg? Og korleis?

Kvifor nynorsk?

Men det hjelper ikkje med variert undervisning så lenge det einaste elevane tenkjer på når dei høyrer nynorsk er: «Kvifor?».

Spørsmål som ser ut til å vere like vanskeleg å svare på som det er å finne meninga med livet. Men sjølv om det å svare er ein gigantisk utfording så sa ein gong professor i kreativitet Erik Lerdahl at: «berre den som utfordrar seg sjølv formar sin eigen veg». Berre dei lærarane som tar den gigantiske utfordringa på strak arm vil kunne klatre over hinderet og faktisk komme lenger og oppnå noko med nynorskundervisninga si. Berre dei som tileignar seg ny kunnskap og tar utfordringa vil få makta. For kunnskap er makt.

Men det hjelper ikkje med variert undervisning så lenge det einaste elevane tenkjer på når dei høyrer nynorsk er: «Kvifor?».

Lærar fortalde at vi ikkje hadde bruk for nynorsk

Det eg vil seia er at vi må gripe konflikten rundt nynorskopplæringa ved røtene og at røtene er eit gigantisk kvifor-spørsmål. Spørsmålet er da: korleis? Korleis svarar ein på kvifor-spørsmålet? Det er éin ting å bestemme seg for å klatre over hindringa. Ein annan ting er å gjere det. Kva skjer viss du gjer det riktig galt? Kan sluttresultata da bli enda verre enn om du trudde frå starten av?

Ein norsklærar på ungdomskulen min gjekk i den fella. Ho starta fyrste timen med å fortelje oss at vi rett og slett ikkje hadde bruk for nynorsk. Bra jobba! Trur du ho hadde motiverte elevar i resten av nynorsktimane? Ein annan skulda på regjeringa. Ho var heller ikkje den skarpaste kniven i skuffen. Det verste er at dei same lærarane seinare klagar over umotiverte elevar. Merkeleg?

Det verste er at dei same lærarane seinare klagar over umotiverte elevar. Merkeleg?

Nynorsk er ein presang

Det finst derimot dei lærarane som hamrar inn at nynorsk er ein presang. Dei brukar den tida det tar for å få elevane til å forstå at dei til og med blir betre i bokmål av å lære nynorsk. Det kan vi kalle to store fluer i ein smekk. Lærarar som bankar inn at det faktisk er eit fortrinn å kunne nynorsk når du søker etter jobb seinare. At det å lære nynorsk gjer at det vil ta lengre tid før demens oppstår. Hovudet vårt vil eldast seinare og vi får betre tankeferdigheiter. Tankeferdigheitene gjer at du blir smartare. Får ein betre jobb. Tener meir. Du kan jobbe lenger opp i åra fordi hovudet eldast seinare.

Du får eit betre liv rett og slett. Berre fordi du valde å sjå på nynorsk som ein presang ikkje ein pest og plage. Kven ville ikkje valt nynorsk viss dei viste at det kan ha så stor innverknad? Vil innverknaden vekke den etterlengta motivasjonen?

Variert undervising

Eg var så heldig å ha ei lærarinne i tiandeklasse som såg på nynorsk som ein presang. Ho gav meg eit heilt nytt syn på nynorsk, berre ved å vise meg nokre tal og litt statistikk. Eg vart selt, og norskkarakteren min har berre gått steg for steg oppover sidan det.

Når ein endeleg har dratt opp røtene og kjem seg over hinderet kan ein gripe fatt på neste steg. Variert undervisning. Når elevane endeleg forstår at nynorsk er nyttig og ikkje nyttelaust, vil dei endeleg begynne å følge med? Vil det vekke meir interesse? Kan hinderløptrening med lærarar legge grunnlaget for betre nynorskundervisning i framtida? Som Platon ein gong sa: «Begynnelsen er den viktigste delen av arbeidet», så da er det vel her vi må starte?