EU vil straffe Polen
EU-kommisjonen la fram forslag om å aktivere artikkel 7 i EU-traktaten, noko som gjere at Polen misser stemmeretten i alle organa i EU.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Rettslege reformar i Polen gjer at rettsvesenet i landet no er under politisk kontroll av det styrande fleirtalet. I fråver av rettsleg sjølvstende blir det reist alvorlege spørsmål om effektiv bruk av EU-lova, seier EU-kommisjonen.
Despite efforts for a constructive dialogue for 2 years, we have concluded that there is a clear risk of a serious breach of the rule of law in #Poland
We therefore proposed to @EUCouncil to adopt a decision under #Article7 (1) of the Treaty on EU
https://t.co/EFfnjTOlF6— European Commission (@EU_Commission) 20. desember 2017
– Det er kun lover som kan verne oss mot naken politisk makt, det er kun lover som held EU saman, sa Frans Timmermans, visepresidenten av EU-kommisjonen.
Kommisjonen la fram forslag om å utestenge Polen frå alle organ i EU, og om dei framleis ikkje rettar seg etter krava om meir juridisk sjølvstende i landet kan dei gå enno lengre.
Polen avviser saka som politisk krigføring, og nektar å gje seg. Dei er lova støtte frå Ungarn, og, litt meir tvetydig, frå Tsjekkia og Slovakia.
Kommisjonen har sterk støtte frå Frankrike og Tyskland i denne saka, men mange andre er enno på gjerdet og har ikkje teke klar stilling. Kommisjonen må ha støtte av 80 prosent av dei 28 medlemslanda i EU for å gjennomføre sanksjonane mot Polen.
LES OGSÅ: Slik blir EU utan Storbritania