Slik blir EU utan Storbritania

Arnt Olav Foseide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I den nest siste årlege statusrapport-talen sin hevda Juncker at vi treng eit meir sameint og effektivt EU som er basert på fridom, likestilling og rettsstatsprinsippet, og signaliserte at han ynskjer at alle EU-land skal verta med i eurosonen og Schengenområdet innan 2019 – sett bort frå dei med opt-outs.

I ein personleg tone fortalde Juncker medlemma av EU-parlamentet i Strasbourg at “vinden er attende i segla våre”, men åtvara om at vindauget for å gjennomføre reformar, samt å vinna hjarte og sinn til borgarane i unionen ikkje vil vera ope for alltid.

Han foreslo eit ekstraordinært EU-toppmøte i Sibiu, Romania, 30. mars 2019 – ein dag etter at Storbritannia går ut – for å bestemme korleis framtida til EU skal sjå ut.

Ein kaptein

Ein av dei andre sentrale nyskapingane han foreslo var å slå saman presidentane i Europakommisjonen og Det Europeiske Råd til ei rolle for å få ein klår leiar av EU.

– Europa ville vera lettare å forstå om ein kaptein styrde skipet, hevda han.

Han argumenterte for ein europeisk økonomi- og finansminister, men sa at det ikkje skulle vera ein ny posisjon, berre ein forsterka EU-kommisærpost.

LES OGSÅ: EU foreslår klimamål for Noreg

Global spelar

Juncker foreslo òg at Europa skulle verte meir aktivt på verdsplan, særleg innan handel og utanrikspolitikk.

Han sa at blokka skulle starta frihandelsforhandlingar med Australia og New Zealand og fullføre desse innan slutten av 2019.

Juncker sa at utanrikspolitiske avgjerder ikkje bør vere samstemmige, men at QMV(sjå faktaboks) burde nyttast for å gjøre beslutningsprosessen raskere. Han reknar òg med at EU vil ha eit fullverdig forsvarssamband innan 2025.

Juncker sa at EU skulle gi gje alle landa i Vest-Balkan medlemskap så snart som mogleg for å oppretthalde stabiliteten i regionen. Selv om utviding ikkje er mogleg under mandatet han har fått(ut 2019), hevda han at prosessen må halde fram..men Tyrkia må vente.

LES OGSÅ: EU vil bli digitalt verdspoliti

Europa må puste med begge lunger

Kommisjonsleiaren nemnde òg at han var bekymra for dei austlege medlemslanda der skilnadar på migrasjon, reglar for arbeidstakarar som jobbar i andre land enn sitt eige og demokratiske bekymringar for Polen og Ungarn fornya eit skilje mellom aust og vest.
– Frå aust til vest: Europa må puste med begge lungene. Elles vil kontinentet kjempe for luft!

Uten å spesifisere Ungarn og Polen, åtvara Juncker dei to landa om å respektere rettstatsprinsippa og åtgjerdene til EU-domstolen.
Polen har mellom anna truga med å hogge meir i den gamle Bialowieza-skogen, og Ungarn har kutta ned på kvoter for innvandring.

– Dommane til domstolen må respekterast av alle. Å underminera dei, eller for å undergrava sjølvstendet av nasjonale domstolar, er å fjerne grunnleggjande rettar frå andre borgarar i EU. Rettstryggleiken er ikkje valfri i EU. Han er er heilt nødvendig for alle.

Juncker stod fast på at EU må ha lik løn for alle – noko som kan truga aust-europeiske arbeidstakarar i vestlege medlemsland. Han insisterte òg på at mat seld i aust skal ha like høg kvalitet som den i vest. Dette var mellom anna ekstremt viktig for å syne at austlege EU-borgarar ikkje er lågare stilt enn dei vestlege.

Ei tilvising til Mark Twain gjorde det klart kva retninga for framtida skulle vere:
– År fra no vil vi bli meir skuffa over dei tinga vi ikkje gjorde enn dei vi gjorde.

LES OGSÅ: Europa er ikkje ein annan stad

Talen til EU-president Juncker. Kjelde: Youtube/EU-kommisjonen.

Qualified Majority Voting

Frå 1. november 2014 kom det ein ny prosedyre for kvalifisert fleirtal i det Europeske Råd. Med dei nye reglane, når det blir røysta over forslag frå Kommisjonen eller Den Høge Representanten for utenrikspolitikk og tryggleikspolitikk, vert det godkjend med kvalifisert fleirtal dersom to betingelsar er oppfylt:
1)55% av medlemslanda røystar for – i praksis tyder dette 16 av 28.
2)Forslaget vert støtta av medlemsland som representerer minst 65% av EUs samla folketal.