Snart 5,3 millionar innbyggjarar i Noreg

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det gir ein folketilvekst på 38.500 menneske, eller 0,7 prosent i 2017.

Netto-innvandringa er framleis høgare enn fødselsoverskotet slik det har vore i nokre år no. Innvandringa stod for snautt 60 prosent av folketilveksten her i landet i fjor.

Fødselsoverskotet kan ventast å bli rundt 16.200 i 2017, mens netto innvandring blir 22.300, får NTB opplyst frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Akershus vil få den høgste folkeveksten med 1,6 prosent, mens Sogn og Fjordane er det einaste fylket med negativ folkevekst i år. Her fell folketalet med 0,2 prosent. For landet som heile har ikkje folkeveksten vore så låg sidan 2005, viser tala frå SSB.

Dei sentrale kommunane Nannestad, Ullensaker, Ås og Lørenskog, alle i Akershus, vil få den sterkaste folkeveksten i 2017.