Fylkeslaga i KrF er einige om at distrikt og landbruk står høgt oppe på prioriteringslista.
NPK
NPK

Nationen har gjort ei ringerunde til fylkesleiarane i KrF for å høyre kva dei meiner bør bli viktigast for KrF å kjempe for i neste periode. Blant temaa som går igjen, er landbruk og distrikt.

Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Trude Brosvik opnar for at KrF kan felle regjeringa dersom saka er viktig nok for KrF.

LES OGSÅ: Åtvarar om å ta KrF for gitt

– Det må vere store og viktige saker for oss. Eg tenkjer innanfor for eksempel landbrukspolitikk. Der er det viktige saker vi heilt klart kan felle ei regjering på. Knut Arild peikte på oljeboring i nord, seier ho til Nationen.

Avisa har snakka med 13 av 19 fylkesleiarar. Fleire av fylkesleiarane ønskjer å avstå frå å kommentere.

Kommentarar

ANNONSE