Studie: Utøya-ungdommar plaga av migrene

Nesten halvparten av jentene og 15 prosent av gutane som overlevde Utøya-terroren, hadde kvar veke eller dagleg hovudverk i etterkant av angrepet.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det viser ein ny studie frå Oslo universitetssjukehus og Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress. Studien er ein av dei første der Utøya-ungdommar blir samanlikna med andre.

– Vi veit mykje om dei psykologiske effektane av terrorangrep og annan ekstrem vald på overlevande, mens kunnskapen om dei fysiske effektane av desse hendingane er mangelfull, seier forskar Synne Øien Stensland til Aftenposten.

Studien viser at ungdommane som overlevde massakren på Utøya, hadde omkring fire gonger større risiko for spenningshovudpine enn ungdom som ikkje hadde vore utsett for terror.

Nesten halvparten av jentene (49 av 109) og 15 prosent av gutane (16 av 104) opplevde kvar veke eller dagleg hovudverk mellom fire og fem månader etter terrorangrepet. For ungdommar som ikkje var utsette for ei slik hending, var talet 13 prosent blant jentene og 4 prosent blant gutane. Stensland er overraska over kor mange som er plaga, men seier det er vanskeleg å forklare årsaka.

– Det kan vere ulike forklaringar. Sannsynlegvis kan det vere at det å oppleve ei så ekstrem valdshandling set hjernane i høggir og bidrar til å senke terskelen for hovudverk. Mangel på søvn og psykiske vanskar kan gjere vondt verre.