(NPK-NTB-Ines Margot Zander):
(NPK-NTB-Ines Margot Zander):
Faktaboks

Hegnhuset på Utøya

* Eit minne- og læresenter oppført som ei ny ramme rundt delar av det gamle kafébygget der 13 personar mista livet 22. juli 2011.

* Lillesalen, delar av storsalen, toalettområdet og delar av korridoren er no bevart på innsida av bygget.

* Taket på bygget blir bore av 69 søyler, éi for kvar av dei som blei drepne på øya.

* 495 tynnare bjelkar hegnar om dei 69, éin for kvar som overlevde terrorangrepet på øya.

* Eit stort tal på tekstmeldingar sendt frå Utøya er utstilt på ei over to meter høg og åtte meter brei tidslinje.

* I samarbeid med Det Europeiske Wergelandsenteret og Raftostiftelsen har det blitt utarbeidd eit undervisningsopplegg der unge menneske skal få innblikk i demokrati, ytringsfridom og toleranse.

* Hegnhuset er teikna av arkitekt Erlend Blakstad Haffner og forma i samråd med AUF, etterlatne og overlevande etter 22. juli-terroren.

* Direktør Alice Greenwald for 9/11 Memorial Museum i New York har også vore sentral i arbeidet med bygget.

* 20.– 21. juli er det opne dagar på Utøya. 22. juli deltar kronprins Haakon og statsminister Erna Solberg (H) på minnemarkering og omvising.

(Kjelder: AUF, Aftenposten) (©NPK)

LES FAKTALUKK FAKTA

Taket på det nye læringssenteret, kalla Hegnhuset, blir halde oppe av 69 søyler. Søylene symboliserer dei 69 som blei drepne på Utøya 22. juli for fem år sidan.

Søylene blir hegna om av 495 tynnare bjelkar, éin for kvar av dei som berga livet.

I hjartet av det nye huset står delar av det gamle kafébygget. Medan 13 blei drepne, overlevde mange andre ved å søke dekning andre stadar i bygget.

– Det som er igjen, symboliserer døden, men også overlevinga, sa AUF-leiar Mani Hussaini då han viste fram det nye bygget tysdag.

LES OGSÅ: Sommaren 2015 tok AUF Utøya tilbake

Kulehol
Kulehol og falma roser er bevart, og ei åtte meter lang og to meter høg tidslinje er sentral i bygget. Her er fleire SMS-ar som blei sende frå Utøya 22. juli utstilt, både frå ungdommar som overlevde, og frå dei som ikkje gjorde det.

Hussaini seier at ein framleis kan sjå synlege bevis på kva som skjedde 22. juli, og at han er glad for at AUF valde å ikkje rive heile kafébygget.

– Kvifor har vi gjort dette? Fordi vi meiner at dersom vi ikkje lærer av historia, er den dømt til å gjenta seg. Dersom ikkje framtidige generasjonar veit kva konsekvensen av ekstremisme er, så er det dømt til å gjenta seg. Derfor føler vi det som ei plikt og eit ansvar å vidareføre historia herifrå, held han fram.

LES OGSÅ: Mani Hussaini: – Ingen er fødde til å hata

For ungdommen
Dei nye delane av Hegnhuset er eit senter for demokratilæring, og det er ope for alle. Den fremste målgruppa er likevel ungdomsskuleelevar.

– Dei som går på ungdomsskulen no var 9– 10 år den gongen. Dei hugsar 22. juli som noko vondt, men ikkje nødvendigvis kva det handla om, meiner AUF-leiaren.

Her skal ungdommane få lære om kva haldningar og kva for eit tankesett massedrapsmannen handla ut frå, men også korleis ein kan verne om demokrati, ytringsfridom og retten til å vere seg sjølv, ifølgje Hussaini.

Han meiner ungdommane vil vere dei beste til å forsvare desse verdiane.

Les fleire saker om Utøya her.


Det nye læringssenteret på Utøya, Hegnhuset, er teikna av arkitekt Erlend Blakstad Haffner. Det hegnar om delar av det gamle kafébygget på Utøya der 13 personar blei drepne under terrorangrepet 22. juli 2011. Taket blir bore av 69 søyler som symboliserer dei totalt 69 som blei drepne på Utøya. Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix / Nynorsk pressekontor

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.10

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE