AUF reagerer: Terroren på Utøya blir spelefilm

Regissør Erik Poppe skal lage film om terroren på Utøya 22. juli 2011, melder NRK.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje NRK reagerer AUF, som blei svært hardt råka av terroren, på filmen om angrepet mot sommarleiren til ungdomsorganisasjonen.

Opptak i september

Erik Poppe er regissør for filmen som skal lagast om 22. juli-terroren. Foto: Maximilian Bühn, CC-BY-SA 4.0-lisens

Regissør Erik Poppe er kjent for blant anna «Kongens nei» og ei rekke andre storfilmar. Opptaka på Utøya startar alt i september.

– I lengre tid har nok eg til liks med mange andre opplevd at fokuset rundt 22. juli har handla om soningsforhold og alle mogleg andre tøysete, tåpelege utspel som Breivik har kome med. Og det er snarare spørsmål om vi skal tillate at det skjer framfor å trekke fram eigarskapet til denne historia til dei menneska som trass alt er offera i dette, seier regissøren.

Vel spelefilm

Han vel spelefilm framfor dokumentar som form.

– Ein spelefilm har større moglegheit til å bevege seg tettare inn i dette materialet og faktisk kunne framstille det på ein langt meir realistisk og truverdig måte enn det ein dokumentar kan, fordi det ikkje blei filma mens det skjedde. Og i dialog med mange av dei som var der og opplevde – altså ungdommane og dei pårørande – har dette blitt eit prosjekt som har som mål å trekke fokuset inn mot korleis det var og korleis opplevinga verka inn på dei, fortset han.

69 personar blei drepne i skytemassakren på Utøya. 60 blei såra. Høgreekstremisten Anders Behring Breivik er dømt til 21 års forvaring for dette angrepet og angrepet mot regjeringskvartalet tidlegare på dagen.

Det er alt laga fleire dokumentarfilmar om angrepa, og fleire er på veg.

(©NPK)