Det tettar seg til i nynorsktoppen

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det gler meg at me har hatt ein så stor auke i nynorskelevar, seier ordførar Marie Elisabeth Lunde Bruarøy (H) til Framtida.no.

Os kommune, rett sør for Bergen, manglar no berre 23 elevar før kommunen har passert talet på nynorskelevar i Stord. Stord har lenge vore kommunen med flest nynorskelevar i Noreg.

Jonas Skrettingland (KrF) er ordførar i Hå kommune, som no er blitt Noregs største nynorskkommune.

Men for første gong i historia er no Hå kommune på Jæren største nynorskkommune med 2512 nynorskelevar, fem fleire enn Stord.

– Det er veldig kjekt å høyra. Nynorsk er jo ein del av identiteten vår, seier Jonas Skrettingland (KrF), ordførar i Hå kommune.

Usikkert etter kommunesamanslåing

I 2020 vil fleire kommunar slå seg saman. Slik det ser ut i dag, vil det vera nye Sunnfjord kommune som får flest nynorskelevar. I dag har dei fire kommunane Førde, Jølster, Gaular og Naustdal 3107 nynorskelevar.

Like bak kjem Bjørnefjorden kommune (Os og Fusa) med 2890 nynorskelevar og nye Ålesund med 2642 nynorskelevar. Nye Øygarden kommune (Øygarden, Sund og Fjell) har i dag 2543 elevar med nynorsk. Men veksten i talet på elevar med nynorsk varierer, så mykje kan enno endra seg.

Fleire nynorskelevar i seks fylke

I heile Noreg er det 76352 elevar med nynorsk som hovudmål i dette skuleåret. Det er ein ein nedgang på 197 elevar frå sist skuleår.

I Hordaland auka talet på nynorskelevar med 151. Det var òg auke i fem andre fylke.

Oppland hadde størst nedgang i talet på nynorskelevar, her blei det 101 færre elevar med nynorsk dette skuleåret. Seks andre fylke hadde òg nedgang i talet på nynorskelevar.

Talet på bokmålselevar gjekk opp frå 547551 i førre skuleår til 551214 elevar dette skuleåret.

Kommunane med størst vekst i talet på nynorskelevar:

Elevar i 2017 Elevar i 2016 Auke
Os 2490 2355 135
2512 2445 67
Karmøy 1356 1305 51
Lindås 1481 1439 42
Sund 845 804 41
Ålesund 672 631 41
Stord 2507 2468 39
Vågsøy 620 588 32
234 206 28
Førde 1881 1853 28

 

Kommunane med størst nedgang i talet på nynorskelevar:

Elevar i 2017 Elevar i 2016 Nedgang
Sandnes 174 284 -110
Klepp 1619 1673 -54
Tysvær 451 493 -42
Ål 506 545 -39
Sykkylven 877 916 -39
Aukra 312 348 -36
Bømlo 1699 1730 -31
Stryn 941 972 -31
Stranda 490 516 -26
Fjell 1082 1105 -23