Vedum fryktar meir sentralisering med Venstre i regjering

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Trine Skei Grande og fleire andre leiande namn i Venstre meinte det var svartmåling og skremselspropaganda å hevde at ei stemme på Venstre var ei stemme til Frp i regjering. No har vi fasiten. Dette var dobbeltspel, seier Vedum til NTB.

– Eg er ikkje overraska over at Venstre innleier regjeringsforhandlingar, for Grande har ønskt dette lenge. Men ho sa altså noko anna i valkampen, seier Sp-leiaren, som meiner KrF har oppført seg betre enn Venstre.

– KrF sa det var uaktuelt å gå i regjering med Frp og seier det same no, påpeikar han.

– Mange eksempel

Så seint som tre dagar før valet vart Grande sitert på at eit regjeringssamarbeid med Frp var «ekstremt lite sannsynleg». I eit intervju med Studentmediene i Stavanger gjekk Grande ut mot det ho kalla ein «demobiliseringskampanje» med falske valbrosjyrar som hevda at Venstre vil sitte i regjering med Frp.

Saka held fram under bilete

Venstre-leiar Trine Skei Grande under valkampopninga tidlegare i år. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Dette er verkeleg ikkje sant, fastslo Venstre-leiaren. Også andre av partiprofilane har komme med liknande utsegner, noko ABC Nyheter påviste måndag.

– Det finst mange slike eksempel, hevdar Vedum. Han meiner det han kallar distrikts- og folkehøgskuledelen av Venstre har tapt den interne kampen om ønskt samarbeidsform på borgarleg side.

– Dei i Venstre som vil i regjering, har vore pådrivarar for den stordriftstenkinga som har vore styrande dei siste åra. Eg er redd regjeringa vil bli endå meir sentraliserande med Venstre, seier Vedum.

Mindre gjennomslag

Sjølv med Venstre vil ikkje regjeringa ha fleirtal i Stortinget. Men trass i at det er eit sentrumsparti som kan bli innlemma, har ikkje Vedum tru på at samarbeidet med regjeringa vil bli betre.

– Eg er redd for at det blir endå vanskelegare å samarbeide med regjeringa. I ein del distriktssaker er det jo faktisk Venstre som har pressa på, seier Sp-leiaren. Han trøystar seg med at det kan bli etablert alternative fleirtal på Stortinget.

– Vi ser ikkje vekk frå å samarbeide med regjeringa i enkelte saker, men vi er førebudd på å danne andre fleirtal på Stortinget, seier Vedum.