Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mållaget: Dette må Venstre få til i regjeringsforhandlingane

– At Venstre no går i regjeringsforhandlingar med Høgre og Frp, kan gje nynorsken gode gjennomslag, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, i ei pressemelding søndag.

Meldinga kjem etter at landsstyret i Venstre laurdag kveld bestemte seg for at partiet skal gå i forhandlingar om ei ny regjering saman med Høgre og Frp.

Dei siste fire åra har Venstre støtta Høgre- og Frp-regjeringa gjennom ein samarbeidsavtale saman med KrF. No vil dei altså sjølve inn i regjering.

– Eg er overtydd om at ei ny, blågrøn regjering vil vera betre for landet og for framtida om Venstre får tilstrekkjeleg gjennomslag i forhandlingane. Landsstyret har gitt oss klare signal om at det må store gjennomslag til, og at det må vera ei regjering som tar landet i ei grønare, rausare og meir sosialliberal retning, sa Venstre-leiar Trine Skei Grande i går.

Tre krav til ny regjering

Magne Aasbrenn trur ei regjering som inkluderer Venstre vil kunna føra ein meir nynorskvenleg politikk. Han reknar særskilt opp tre saker som Mållaget meiner at Venstre bør krevja gjennomslag for i forhandlingane:

  • Språkdelt ungdomsskule, altså at elevane får gå i reine nynorsk- eller bokmåls-klassar ut tiande steget, og ikkje berre ut sjuande, som i dag. – Det vil gjere det lettare for mange nynorskelevar å halde på språket sitt, trur Aasbrenn.
  • Tidlegare start med sidemål, slik Venstre gjekk til val på. No er norskfaget under revisjon, og denne revisjonen bør føre til betre sidemålsundervisning, meiner Mållaget.
  • Læremiddel for vaksne innvandrarar inn under opplæringslova, slik at dei kjem til same tid og same pris på bokmål og nynorsk. Meir enn femti kommunar har i dag norskopplæring for vaksne innvandrarar på nynorsk.

– Venstre er til å stola på

Magne Aasbrenn har tru på at Venstre vil prioritere nynorsken, og viser til at Venstre saman med KrF seinast sikra eit millionløft for nynorsken i forhandlingane om nytt statsbudsjett i haust. Då fekk målrørsla mange av sine krav gjennom, mellom anna at Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) skulle få støtta si vidareført.

– I nynorskspørsmål er Venstre til å stola på. Noregs Mållag blei skipa for 111 år sidan for å passe på målpolitikken til nettopp Venstre. Den rolla tek vi med glede framleis.