Ungdomspartia vil ha Venstre inn i regjering
Leiarane i Unge Høgre og Framstegspartiets Ungdom (FpU) seier dei begge ønsker å få med seg Venstre inn i regjering, sjølv om KrF har trekt seg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Regjeringa vil framleis vere ei mindretalsregjering sjølv om Venstre blir med, men både Kristian Tonning Riise frå Unge Høgre og FpUs Bjørn Kristian Svendsrud seier dei meiner partiet bør bli med i prosjektet.
–Då ville vi kunne tatt forhandlingane på førehand i staden for i Stortinget. For Venstre vil det gi betre moglegheiter for gjennomslag, seier Riise til NRK.
Han legg til at han helst skulle sett alle dei fire borgarlege partia i regjering, men at å få med eitt parti framleis er ein fordel samanlikna med å ha to parti utanfor. Han får støtte frå Svensrud.
–Vi kjemper for eigen politikk, men slik grunnlaget er i Stortinget er det best å få flest mogleg inn i regjeringa. Ei liberal regjering vil uansett vere til det beste for Noreg, seier FpU-formannen til same kanal.
- LES OGSÅ: Slik blir det nye Stortinget
Dei to ungdomspartileiarane har saman utarbeidd ei liste med åtte punkt med konkrete forslag til semje mellom Venstre, Høgre og Frp. Den inneheld blant anna forslag om å avskaffe formuesskatt på arbeidande kapital, avskaffe straff for bruk og å eige narkotiske brukardoser, vinmonopolkompromiss og nasjonalt elbil-ladenett.
- FÅ OGSÅ MED DEG: Venstre-nestleiar meiner fall i distrikta kjem av Frp-samarbeid