Lovar ekstrapoeng for gresk og latin
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) vil gi ekstrapoeng til elevar som tar gresk og latin på vidaregåande. Men det skal godt gjerast å finne ein skule som tilbyr faga.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Jacta alea est
– Latin er Noregs eldste skulefag, og latin og gresk har hatt stor betydning i samfunnet vårt. Det er ein viktig del av kulturarven vår. Vi ønskjer at desse faga framleis skal vere mogleg å velje for elevane i den vidaregåande skulen, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.
Han tilbyr no 0,5 tilleggspoeng til elevar som vel programfaga gresk 1, gresk 2, latin 1 eller latin 2 på vidaregåande. Faga får dermed same status som realfaga.
Endringa gjeld frå neste studieår. Men det er få elevar som vil få moglegheit til å nytte det nye tilbodet.
Berre fem vidaregåande skular i Noreg har undervisning i latin – Oslo katedralskole, St. Paul gymnas i Bergen, Sandnes vidaregåande skule, Thora Storm vidaregåande skule i Trondheim og Trondheim katedralskole.
Ekstrapoenga i gresk er det ingen som får nyte godt av, ettersom ingen vidaregåande skular i Noreg underviser i dette faget. (©NPK)
LES OGSÅ: Skrift utan tale