Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 12.12.2017 15:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Difor må du røre ved nøklane dine for å tru at dei er i veska di

 Art thou not, fatal vision, sensible
To feeling as to sight?

– Macbeth (Akt II, scene 1), William Shakespeare

No som VR-hovudsetta kjem på marknaden, fører dei med seg ekkoet av Macbeths ord: Verda dei fordjupar deg i kan både sjå og høyrast ekte ut, men kan ikkje rørast ved eller gripast. Når du ser ein dolk på bordet føre deg, kan du prøva å strekkje ut handa for å nå han, men når armen berre går gjennom lufta vert du ståande att med den spøkjelsesaktige kjensla av at ting ikkje er så ekte. Slike gjenstandar er ikkje overtydande, og å integrera berøring i ny teknologi er neste grense. Men kvifor er berøring så viktig, for både Macbeth og oss andre? Kva fører det med seg som synet ikkje gjer?

Å mangle ein heil familie av sanseinntrykk kan vera urovekkjande – men fråværet av taktile inntrykk synest å ha meir skadelege konsekvensar enn fråværet av andre inntrykk, til dømes dei olfaktoriske (lukt).

I strid med ordtaket «å sjå er å tru», er det berøring som sikrar vårt epistemiske grep om røyndomen. Kvardagssituasjonar syner at berøring er «faktasjekk»-kjensla. Salsmenn veit det godt: viss ein kunde nøler med å kjøpe eit produkt, vil det å gje det til han slik at han kan røre ved det sannsynlegvis vere nok til få han til å kjøpe det. Alle likar å føle ved lommeboka si i veska, sjølv når vi nett la ho der. Til trass for mange teikn som ber vitjande om ikkje å røra kunstverket som står utstilt, må vaktene regelmessig stoppa folk frå å rekkje ut handa og røre ved skjøre statuar og måleri. Men kva gjev det å røre ved ting deg viss synet allereie fortel deg alt du treng å vite?

Eit svar med lang tradisjon i filosofien er at berøring er meir objektivt enn dei andre sansane. Då Samuel Johnson ynskte å demonstrera absurditeten i biskop Berkeleys ide om at fysiske gjenstandar ikkje eksisterer, sparka han foten mot ein stor stein og ropte triumferande ut: «Slik tilbakeviser eg det.» Å peika på den farga forma var ikkje tilstrekkjeleg, men Johnson antok at ein ikkje kunne stille spørsmål ved berøring. Motstanden du får av faste gjenstandar gjennom berøring er meint å gje oss opplevinga av at det er ting der ute som er uavhengig av oss og vilja vår.

Men er berøring verkeleg «kjensla av røyndomen»? Absolutt ikkje. Det gjev generelt ingen betre eller meir umiddelbar tilgang til røyndomen enn dei andre sansane. Om det gjev meir nøyaktig informasjon enn syn, til dømes når det gjeld forma til objektet, materialet det er laga eller storleiken, avheng av tilhøva ved sansinga. Nokre gonger er berøring betre; nokre gonger er synet betre.

Vi kan godt villeiast av det inntrykket vi får av «direkte» kontakt med røyndomen: Taktil handsaming er svært utvikla og kviler på forventingar og ubevisste påverknader, kanskje endå meir komplisert enn dei andre sansane, så det er mange måtar som overtydingane våre og anna sensorisk oppleving kan leia oss til ein misvisande konklusjon. Det er minst like utsett for illusjonar som syn. Vi høyrer berre ikkje om taktile illusjonar så ofte. Berre for å nemne eitt døme er mange overraska over å høyra at knappen på telefonen deira ikkje rører seg når han vert trykt: inntrykket av at det vert gjort er skapt av ein vibrasjon som lurar hjernen til å tru at noko vert pressa. Slå av telefonen og gjenta handlinga, og du vil innsjå at overflata ikkje kan flyttast i det heile.

Du rører eigentleg aldri nokon knappar når du trykker på ting på smarttelefonfronten din, du blir berre «lurt» til å tru at du gjer det.

Viss berøring ikkje har nokon generell føremon over synet, og er like utsett for illusjon, kvifor har vi så stor tru på ho? Viss berøringa ikkje gjev oss ein meir direkte eller ein meir objektiv representasjon av verda, korleis kan vi forklara den utbreidde kjensla av at ho gjer det?

Eit viktig aspekt ved berøring vert ofte sakna: Å røre ved noko er meir psykologisk roande enn å sjå. Berøring får oss ikkje alltid til å oppleve ting betre, men det får oss til å kjenne oss betre om kva vi opplever. Sjølv når vi kan sjå at nøklane er i veska, er vi langt meir trygge på det med ein gong vi har rørt ved dei.

Berøring roar; å vite at ting ikkje kan rørast ved kan skapa angst.

Det som kan verka nesten overtruisk i byrjinga kan likevel ha djupare grunner. Forsikringa som berøring gjev oss gjer ho ganske spesiell i vårt epistemiske liv. René Descartes kom nær denne diagnosen då han merka at bevisa vi fekk frå fysisk kontakt var noko vanskelegare å avvise: «Av alle sansane våre,» skreiv han i The World (1633), «er berøring den som vert sett på minst villeiande og den mest trygge.» Vi burde kanskje òg kome i hug den bibelske historia om tvilaren Tomas til å forstå privilegiet berøring har: Tomas måtte røre ved såra til Kristus for å overtydast om at personen føre han var Jesus.

Historia om Thomas fortel oss noko viktig. Berøring «for å vera sikker» er spesielt relevant når andre sansar eller overtydingar skapar stor usikkerheit. Personar med tvangsliding må røre ved gjenstandar mange gonger for å roe ned angsten sin, sjølv om dei kan sjå dei: dei vender attende for å slå av krana, sjølv når dei kan sjå eller høyra at det ikkje renn vatn. Forsking syner òg at folk engstar seg når dei samhandlar med grafiske brukargrensesnitt som syner objekt som ikkje kan rørast. Berøring roar; å vite at ting ikkje kan rørast ved kan skapa angst.

Kvifor gjev berøring meir tryggleik? Dette er i strid med kva kognitiv vitskap fortel oss. Kjensla vår av tryggleik bør følgja det som er logisk, slik at tilfella der vi stolar på å røre meir enn ved å sjå bør vera dei der berøring gjev meir nøyaktig informasjon enn det å sjå. Men det er ikkje dette som forklarar haldninga til Thomas, tvangpasientar eller frustrasjonen til virtuelle røyndomsbrukarar. Årsakene til at berøring gjev oss ro og tryggleik kan gå djupt inn i det som dannar våre subjektive sjølvkjensler.

Kanskje stolar vi meir på berøring fordi vi kjenner oss meir aktive og ansvarlege når vi undersøkjer noko ved å ta på det enn når vi gjer det med synet. Dette er ei subjektiv oppleving, sidan vi òg aktivt flyttar augo våre når vi ser, men det at vi flyttar hendene våre over overflater kan forklara kvifor vi òg er meir trygge på kva vi rører: Vi trur at vi aktivt har samla og vald ut bevis, i staden for å ha motteke det passivt. Når vi kjenner at vi har «gjort det sjølv», er vi meir trygge på at det er påliteleg. Det kan òg vera noko endå meir grunnleggjande og kjenslemessig som hender i slike tilfelle, kanskje knytt til opplevinga av omgjevnadane ein har som nyfødd. Det er som om vi klamrar oss til verda i staden for å søkja kunnskap om ho. Vi kan tru at vi får betre informasjon når vi rører dei synlege gjenstandane kring oss, men kan hende vi berre stettar eit grunnleggjande behov for ro.

Ophelia Deroy er forskar for Centre for the Study of the Senses ved University of London. Denne teksta var først publisert i Aeon og vart omsett frå engelsk av Arnt Olav Foseide etter CC 3.0-lisens.

Aeon counter – do not remove