Det vil sei at kvart enkelt stipend aukar frå 10.000 kroner til 15.000 kroner, heiter det i ei pressemelding frå Norsk kulturskoleråd.

Ei anna endring som trør i kraft i 2018 er at kommunane kan nominere så mange unge kulturutøvarar dei vil til stipendet. Tidlegare har det berre vore mogleg å nominere sju per kommune.
- LES OGSÅ: Drakejenta
Utøvarane som kan bli nominerte til stipendet kan drive med dans, musikk, sirkus, skapande skriving, teater, visuell kunst og anna. Nedre aldersgrense er 13 år, øvre aldersgrense er 20 år.