Drakejenta

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har alltid hatt ein fascinasjon for dragar. Dei asiatiske drakane symboliserer styrke og klokskap og dei vert sett på som gudar der borte, medan dei vestlege er meir monster som stel gull og gøymer prinsesser, seier Sunniva Møster frå Frekhaug, til Nordhordland.

Grotesk
Ho er ei av fem frå Hordaland som er tildelt Draumestipendet på 10 000 kroner.

Draumestipendet vert delt ut årleg, og det er 100 personar i Norge som får det kvart år. I Meland har ingen fått det sidan 2005.

Grunna sin fascinasjon for dragar må ho sjølvsagt følga med på TV-serien Game of Thrones.

– Det er ganske grotesk, men eg må følga med på grunn av drakane, seier ho.

LES OGSÅ: Nasjonalromantisk sjøormaction

– Vi er ekstremt kry og stolt over deg og vil heia på deg vidare framover, seier Meland-ordførar, Nils Marton Aadland.

Sunniva sjølv er sjølvsagt også nøgd med stipendet.

– Det er ei stor ære å få stipendet, og det gjer meg stor inspirasjon til vidare arbeid, seier ho.

Som meditasjon
I hovudsak driv den 19 år gamle jenta med teikning og måling, men og innan skulptur og litt foto.

Ho har drive med teikning så lenge ho kan hugsa.

– Eg elskar å jobba med det, det er som meditasjon for meg, seier ho til avisa Nordhordland.

I søknaden for å få stipendet peika ho på at det å teikna også hjelpte ho gjennom ei vanskeleg tid i livet.

LES OGSÅ: Sarkasme-dronninga som målbind nett-trolla

– I denne perioden vart kunsten mi støtte og på mange måtar det som løfta humøret og optimismen, både min eigen og dei rundt meg. Det var godt å kunne beskriva kjenslene mine gjennom kunstneriske uttrykk. Det var også ein måte eg kunne flykta frå verkelegheita og inn i ei draumeverd der alt var mogleg å oppnå, skriv ho i søknaden.

For tida er ho student på Hardanger kunsthøgskule i Norheimsund. Der er ho i det andre kullet som nokon gong går på skulen.

Vil leva av kunsten
– Det er kjempekjekt der. Trivelege folk og lærarar. Og så er det ein inspirerande plass å bu med den fine naturen, seier ho.

Håpet er å leva av kunsten når ho ein gong vert ferdig med utdanninga.

– Men det er eit vanskeleg felt og usikkert å velja, innser ho.

Stipendet skal ho bruka til utstyr for teikning og måling. Etter kvart vil ho ut og finna inspirasjon.

– Eg vil reisa langt vekk. Gjerne Australia eller New Zealand, seier ho.

Men før det skjer, vert det ei utstilling i Galleri Rustica for å heidra Draumestipend-vinnaren frå Meland.

Dei som vil sjå fleire av Sunniva sine bilde, kan gå inn på denne lenka.

Les saka i Nordhordland!