Musikarar stikk av med flest draumestipend

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Over halvparten av årets draumestipend vart utdelt til unge lovande musikarar. Etter denne kategorien, som tronar i toppen kjem kategoriane dans og visuell kunst. 24 personar fekk stipendet for å følgje dansedraumen sin og like mange fekk stipendet for å utvikle seg som visuelle kunstnarar.

– Stipenda me deler ut speglar dei nominasjonane som er kome inn frå kommunane, forklarar leiar i draumejuryen, Egil Hofsli.

Akershus er det fylket som har fått flest Drømmestipend. Heile ni ungdommar i Akershus fekk stipend, mot ein mottakar i Aust-Agder, som hadde færrast.

Sjå heile lista over Drømmestipend-mottakarane her.

LES OGSÅ: Fekk Drømmestipendet

Rektoransvar
Egil Hofsli fortel at det er rektor for kulturskulane i kommunane som har ansvar for å få ut informasjon om stipendet, samt å nominere dei beste deltakarane frå kommunen.

– Det kan nok vere litt tilfeldig kor stor kapasitet kulturskulerektorane har til å spreie informasjonen, meiner Hofsli.

Draumestipendet ser stadig på korleis dei betre kan informere om tilbodet og skal ha ei evaluering av årets utdeling denne månaden.

– Me ser gjerne at det kjem inn fleire bidrag i skapande skriving, seier Hofsli, som ynskjer nynorske bidrag velkommen, det er likevel ikkje aktuelt med noko kvotering.

Her er det kvaliteten og draumen juryen vektlegg.

LES OGSÅ: – Alle må få tilbod om kulturskule

Forfattarspire
Marit Ilevold (18) leverte inn noveller og dikt på begge målformene då ho søkte om Draumestipendet innafor kategorien skapande skriving.

Ho var ein av dei fem unge skribentane, som fekk eit stipend på 10 000 kroner. Ein person fekk stipendet for å drive med musikk og skapande skriving. Av dei fire som berre skreiv tekstar, var Marit frå Rendalen den einaste som leverte inn tekstar på nynorsk.

– Kanskje er det fordi nynorsk er sidemålet mitt, at eg tykkjer det set eit ekstra preg på teksta, fortel Marit.

Ho drøymer om å ein gong gje ut ei bok, men til no har det vorte mest nynorskskriving på skulen.

– Det var litt tilfeldig at nokre av tekstane eg tykte var gode, var på nynorsk, seier Marit, om at ho valde å sende inn bidrag på nynorsk.

LES OGSÅ: Vil få opp skapargleda

Matkunst på menyen
Juryleiar Hofsli set særleg pris på at det kjem inn fleire bidrag i dei nye, mindre kategoriane. Her kan nemnast at eit stipend gjekk til ein designar, eit til lyd- og lysteknikk og eit til ein matkunstnar.

Egil Hofsli har ein teori om kvifor musikk dominerer slik over skapande skriving i Draumestipendet:

– Mesteparten av rekrutteringa til stipendet går gjennom kulturskulane og det er ikkje alle kulturskular, som har eit tilbod om skapande skriving.