Julia (20) varsla om trakassering i KrFU: – Det hjelpte ikkje å seia frå

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Varsla om trakassering i KrFU: – Hjelpte ikkje å seia frå

KrFU-politikar Julia Sandstø seier ho varsla to KrFU-leiarar fleire gonger om at ho blei trakassert og forfølgt av ein eldre KrFU-politikar.

– Jenter møter mykje trakassering i politikken, særleg når dei er yngre og må innretta seg etter menn i posisjonar over dei. Dette kan føra til at ein ikkje tør å engasjera seg politisk. Jenter skal kunne engasjera seg og ikkje bli trakassert. Difor står eg fram med det eg har opplevd, seier ho til Aftenposten.

Avisa skriv at då Dagsavisen gjennomførte ei rundspørjing om seksuell trakassering i partia, fortalde dei om 21 saker som anten var melde, dømde eller som hadde fått medieomtale.

Sandstø meiner omfanget må ha vore mykje høgare.

– Å melda ei sak er ofte ein heilt håplaus prosess å starta. Eg var utsett for ubehagelege episodar over lang tid. Det var kjempeslitsamt, men det hjelpte jo ikkje å seia frå. Det er ikkje lagt til rette for at ein skal varsla om slikt i det heile. Det blir berre dyssa ned, seier ho.

Ho melde heller aldri trakasseringa.

– Då eg snakka med leiinga, følte eg at eg overreagerte skikkeleg, og at det var han som hadde det vanskeleg. Eg fekk skyldkjensle og tenkte at det ikkje var ei sak for politiet, seier ho.