KrFU-politikar: – Dumt at kristne må kvi seg for å kalla seg feministar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kristne kvir seg for å kalla seg feministar

– Me føler at venstresida har prøvd å ta eigarskap på omgrepet feminisme. Dei anerkjenner ikkje at alle partia er for likestilling, fordi dei er kritiske til våre løysingar, seier Julia Sandstø, leiar i Akershus KrFU.

I fjor var første gong KrFU stilte i 8. mars-tog under parolen «Feminisme, uansett politisk farge».

Ifølgje Sandstø følte ikkje KrFUarane seg velkommen i toget, og vart møtt med kritiske blikk og kommentarar om kva dei gjorde der.  

– At ikkje alle feministar er gode nok, er ei farleg haldning, meiner Sandstø.

Tidlegare har òg Unge Venstre-leiar Tord Hustveit uttrykt ynskje om at 8. mars var politisk breiare.

Feminist-stempel
Leiaren i Akershus KrFU har ikkje latt seg skremme av fjorårets tog og fortel at det i år vil vere rundt 10-15 KrFUarar i toget. Ho fortel at ho har partifellar som ikkje vil gå i 8.mars-tog, av frykt for å bli stempla som feministar. Dette meiner ho har botn i gamle fordommar og misforståingar.

– Er du feminist?

– Heilt klart! Eg er for sosial, økonomisk og politisk likestilling. Det handlar ikkje om at ein hatar menn og gror hår under armane, men at ein er for at alle skal ha like moglegheiter og rettar.

Raud feminisme
Raud Ungdom-leiar Linn-Elise Øhn Mehlen ynskjer seg ein folkeleg og progressiv feminisme.

– Eg trur feminismen heller vil styrkast enn svekkast av eit inkluderande 8.mars-tog, difor ynskjer eg meg ei feministisk rørsle med stor takhøgd. Samstundes må feminismen ha ei retning, seier Mehlen.

Ho peikar på at venstresida ikkje har hatt med seg høgresida i saker som kjønnskvotering, obligatorisk pappaperm, retten til sjølvbestemt abort og kampen for å handheva sexkjøpslova.

– Spesielt retten til å bestemme over eigen kropp og då sjølvbestemt abort er ein av dei mest grunnleggjande verdiane i min feminisme og noko eg kjem til å kjempe for å behalde.

LES OGSÅ: Reservasjonsrett – kva no?

Abort og kjønnskvotering
Ungdomspartiet KrFU har tradisjonelt hatt eit konservativt syn på spørsmålet om sjølvbestemt abort.

På førre landsmøte var Sandstø ein av representantane som sikra eit knapt fleirtal for å endra KrFU sitt standpunkt om at dei er «prinsipielt mot abort», til at «kvinna sjølv har siste ordet».

– Kan ein vere feminist og motstandar av sjølvbestemt abort?

– Eg kan ikkje kommentere om andre er feministar eller ikkje, men for dei overgår omsynet til det ufødde livet foreldra sitt val. For KrFU er det viktig å få ned talet på abortar, men kvinna skal likevel ha siste ord. Eg meiner at ein kan vere for likestilling sjølv om ein prioriterer det ufødde liv, og det er dumt at kristne må kvi seg for å kalla seg feministar. Dette beviser jo berre at venstresida har gjort dette til ein politisk valkampanje, ved å ekskludera feministar frå andre parti, seier ho.

Sjølv ser Sandstø mange grunnar til å gå i 8.mars-toget og løftar fram lønnsgapet mellom menn og kvinner og at menn er i overtal i leiarstillingar. Desse utfordringane meiner ho må løysast med haldningsendringar, framfor kvotering.  

Ho erkjenner at kjønnskvotering er ei av sakene der dei er ueinige med venstresida.

– Eg meiner at me er ferdige med det verkemiddelet no.

LES OGSÅ: KrFU treng refleksjonstid om abortforslag

Vald mot kvinner
KrFU-politikaren får støtte av Raud Ungdom-leiaren når det kjem til kampen om økonomisk likestilling. Mehlen meiner årets parolar har eit godt fokus og stiller seg særleg bak hovudparolen, som handlar om kampen mot vald og valdtekt.

– Det kom nettopp ein dom i Stavanger tingrett der ein mann fekk lågare straff for å banke kona fordi ho hadde vore utru. Vald mot kvinner er eit kjempeproblem, som det er viktig å setja på dagsorden, avsluttar ho.

LES OGSÅ: Daniel Kvammen er ikkje feminist for moro skuld