Oslo-elevar: Skulestress er hovudårsak til psykiske helseplager
Ny rapport slår fast ein klar samanheng mellom press på skulen og depressive symptom blant unge.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Rapport: Skulestress er årsak til psykiske helseplager
– Samanhengen mellom skulestress og psykiske plager er veldig sterk, seier forskar Ingunn Marie Eriksen ved forskingsinstituttet NOVA til hioa.no
Eriksen leier ei gruppe av forskarar som har prøvd å finna ut kva som gjer at så mange unge rapporterer om depressive plager. No har dei publisert funna sine i ein rapport:
Intervju med 10.-klassingar i Oslo, saman med funn frå Ung i Oslo-undersøkinga, peikar mot at ungdomane sjølve opplever prestasjonspress og stress i skulen som den viktigaste årsaka til psykiske helseplager.
– Jo mer dei oppgir å vera plaga av skulepress, jo meir er dei plaga av depressive symptom, seier Eriksen. Ho forklarer at det også er ein samanheng mellom opplevinga av psykiske plager og kroppspress, men den er ikkje like sterk.
Vil ha livsmeistring i skulen
Aftenposten meldte først om saka i dag. Avisa skriv at 1 av 2 jenter og 1 av 4 gutar på 10. trinn rapporterer at dei er «ganske mykje» eller «veldig mykje» plaga av psykiske helseplager ifølgje undersøkinga Ung i Oslo 2015.
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen seier til Aftenposten at han ikkje trur skulestresset kjem av at det er for mykje testing og prøvar i den norske skulen. Han legg i staden vekt på at skulen må rusta elevane betre til å handtera press.
– Me har føreslått at livsmeistring og folkehelse skal bli eit fagovergripande tema i den nye læreplanen. I tillegg har me satsa sterkt på å få helsesøstre inn i skulen, seier Isaksen.