Ungdom som driv med idrett har færre psykiske problem
Det viser ein ny studie.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Forskarar frå Noregs miljø- og biovitskaplege universitet og Folkehelseinstituttet har sett på samanhengen mellom den psykiske helsa til ungdom og deltaking i idrett.
– Analysane viste at nær 15 prosent av ungdommane som dreiv med konkurranseidrett hadde symptom på psykiske problem. Blant ungdom som dreiv med idrett, men som ikkje konkurrerte, hadde nær 19 prosent slike symptom. Blant ungdom som ikkje dreiv med idrett, var delen 27 prosent, skriv Folkehelseinstituttet.
Studien er basert på ei spørjeundersøking blant 20.000 ungdommar i alderen 13 til 22 år.
Forskarane lurer no på om det kan vere faktorar ved konkurranseaspektet i sport som i særleg grad er knytt til psykisk helse.
– Vi kan berre spekulere på kvifor det er færre psykiske problem blant dei som deltar i konkurranseidrett samanlikna med dei som deltar i idrett utanfor konkurransar. Kanskje er det slik at konkurransane lærer ungdom å sette mål og jobbe for å bli svært flink i noko. Men dette må undersøkjast nærmare før ein kan konkludere, seier forskar Jocelyne Clench-Aas ved Folkehelseinstituttet.