Gratis Wi-Fi i EU
Ministerrådet i EU har no gitt den endelege godkjenninga til at EU skal sørgje for gratis Wi-Fi på offentlege plassar rundt omkring i Europa.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Føremålet til WiFi4EU-initiativet om å ha «kvar europeisk landsby og kvar by med gratis trådlaus internettilgang rundt hovudsentera i det offentlege liv innan 2020» ser med dette ut til å kunne bli verkeleg.
Vedtaket gjer det klart at EU skal betale for gratis Wi-Fi i rådhus, på bibliotek, i parkar, på torg og andre offentlege stadar. I 2018 skal den samla summen 120 millionar euro, eller 1,1 milliardar kroner, delast ut til offentlege gratis Wi-Fi-tenester i 6000 til 8000 kommunar i alle medlemsstatar. Etter godkjenninga av EU-parlamentet i mai var det endelege vedtaket gjort i Ministerrådet i går venta.
For offentlege styresmaktar
Visepresident med ansvar for den digitale indre marknaden, Andrus Ansip, hevda i mai at føremålet var å byggja eit fullstendig sammenkobla Europa der alle har tilgjenge til digitale digitale nettverk av høg kvalitet, men at det sto mykje att for å oppnå dette i heile EU.
I praksis vil lokale offentlege styresmakter (kommunar eller grupper av kommunar) som ynskjer å tilby Wi-Fi i distrikt der eit liknande offentleg eller privat tilbod ikkje eksisterer, kunne søkja om finansiering til å kjøpa og installera toppmoderne utstyr, det vil seia lokale trådlause tilgjengepunkt, medan den offentlege styresmakta vil dekka driftskostnadene for sjølve sambandet.
Sterk digital utvikling i EU
Som president Juncker stadfesta i den årlege talen til EU-parlamentet i september 2016, er WiFi4EU-initiativet ein del av den ambisiøse revideringa av telekomreglane i EU, inkludert nye tiltak for å møta det veksande tilkoplingsbehovet i, og å auka konkurranseevna til, Europa.
Saka held fram under biletet
Kommisjonen har nyleg gjennomgått strategien sin for den digitale indre marknaden og oppfordrar medlovgjevarar til å handtera raskt alle forslag som allereie er presentert. EU har vore rask til å oppnå viktige avtalar som slutten på roamingavgifter 15. juni 2017 for alle reisande i EU, om innholdsportabilitet som frå 2018 vil tillata EU/EØS-borgarane å ta med seg tilgang til filmane, musikken, spela eller e-bøkene dei har abonnert på heime kor som helst i EU, 700 MHz-bandet for utvikling av 5G og nye tenester på nett.
- LES OGSÅ: EU vil bli digitalt verdspoliti