Europa rustar opp

23 statar i EU underskreiv avtale om klar opprusting av militærmakta si.

Arnt Olav Foseide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

23 medlemsstatar i EU underteikna måndag ein avtale om å skipa eit såkalla “permanent strukturert samarbeid”, eller PESCO, for å styrka militært samarbeid, til dømes å skapa felles reaksjonskrefter eller kjøp av militært utstyr. Fem land – Danmark, Irland, Malta, Portugal og Storbritannia – har ikkje gått med i prosjektet, men dei tre nøytrale landa Sverige, Finland og Austerrike er med.

Det permanente strukturerte samarbeidet (PESCO) kan lanserast i løpet av det neste møtet med EUs leiarar i desember, og den utanriks- og sikkerheitspolitiske sjefen i EU Federica Mogherini gjorde det klart etter underteikninga at innmelding er mogleg for andre medlemsland som måtte ynskja å verta med seinare.

“Dette er byrjinga på fellesarbeidet vårt, 23 medlemsland som går saman er noko stort, eit historisk augeblikk i europeisk forsvar,” sa den italienske EU-tenestekvinna etter at ho underteikna intensjonsavtala.

PESCO er ein del av den fransk-tyske innsatsen for å revitalisera EU etter Brexit, forpliktar deltakarane til å “regelmessig auke forsvarsbudsjetta i reelle termar”, og dessutan til å bruka 20% av forsvarsutgiftene til innkjøp av nytt materiell og 2% på forsking og teknologi.

Samarbeidet vil først og fremst fokusera på prosjekt for å utvikla nytt militært utstyr som stridsvogner eller dronar, med sikte på å harmonisera våpensystem, eliminera hol i kampevne og forhindra duplisering.

Kjelder: Euractiv, EU Observer, Reuters.