Går det til helvete, så går det til helvete. Men er alt liberalismen si skuld?


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Liberalismen har gjort landvinning over heile verda dei siste 250 åra, men han har aldri vore utan kritikarar. Fascistar, kommunistar, konservative og postmodernistar har funne saman i kritikken av den blodfattige individualismen som pregar liberal politikk og filosofi.

Det siste tilskottet på den liberalismekritiske stammen er Ingen mennesker er født frie, som har fått mykje omtale av skravleklassen dei siste vekene. Boka er redigert av fire unge, intellektuelle menn – Mímir Kristjánsson, Ola Innset, Oscar Dybedahl og Sigurd Hverven – og med eitt unnatak er forfattarane fødde i 1985 eller seinare.

Boka er tileigna «liberalister i alle partier», men i røynda rettar boka seg mot lesarar som deler forfattarane sitt antiliberalistiske utsyn. Om målet var å overtyda liberalistar, måtte ein ha kome dei i møte og presentert presise analysar og treffsikker kritikk. Diverre er dette noko ein saknar i dei fleste av dei 11 kapitla i boka.

Alternative fakta

Redaktørane – lat oss kalla dei firarbanden – slår an tonen i introduksjonskapittelet med ein utruleg påstand: «De siste fire tiårenes liberalistiske hegemoni har gjort millioner på millioner av mennesker mindre frie, gjennom massearbeidsløshet og økonomisk utrygghet.»

Firarbanden skriv ut frå ei vag kjensle av at dette må vera sant, og venstreradikale lesarar nikkar nok med. Meir kritiske lesarar får derimot ingen grunnar til å akseptera påstanden, ingen dokumentasjon på kor mange fleire som er arbeidslause og økonomisk utrygge i dag enn i 1977.

Kva finn ein om ein tar seg ti minutt til å sjekka statistikken? Ein får ikkje veldig gode tal, men det ILO («verdas LO») definerer som sårbar tilsetjing har falle markant både i EU-landa og USA i perioden frå 1991 til 2015, både blant kvinner og menn. Anslaget for arbeidsløysa i verda har falle frå litt over 6 prosent til rundt 5,7 prosent i same periode.

«Ingen mennesker er født frie» er gitt ut på Dreyer forlag og er redigert av Klassekampen-redaktør Mímir Kristjánsson, historikar Ola Innset samt filosofane Oscar Dybedahl og Sigurd Hverven.

Tal frå Verdsbanken dokumenterer samstundes at delen ekstremt fattige menneske i verda har falle frå 42,2 prosent i 1981 til 10,7 prosent i 2013. Globalt har også den økonomiske ulikskapen gått tilbake i same periode.

Tala tyder altså på at millionar på millionar av menneske har blitt meir frie, slik redaktørane sjølve definerer det, i den perioden då liberalismen skal ha vore hegemonisk. Å påstå at liberalismen har all æra for denne utviklinga, utan nokon grundigare analyse av årsakssamanhengane, ville sjølvsagt vore tåpeleg. Men å skulda liberalismen for det som er vondt og vanskeleg i verda, samstundes som ein overser positive utviklingstrekk, er berre dumt.

For og mot demokratiet

Firarbanden legg vinn på å framstilla liberalismen som antidemokratisk, særleg i si tidlege historie. Oscar Dybedahl er kategorisk i sitt kapittel: «Blant liberalister i det 19. og tidlige 20. århundret var det åpenbart at demokratiet representerte en stor trussel for et liberalt samfunn.»

Det stemmer at fleire liberalistar var skeptiske til massedemokratiet. Men det høyrer med til historia at den første politiske rørsla som kalla seg sjølv liberal, dei spanske liberales, fekk nedfelt prinsippa om folkesuverenitet og allmenn røysterett for menn i Cadiz-grunnlova av 1812 – ei av dei viktige førebileta for vår eiga 1814-grunnlov.

Den liberale filosofen, økonomen og politikaren John Stuart Mill var den første som fremja forslag om røysterett for kvinner i det britiske parlamentet i 1866, og han skreiv si tids viktigaste forsvar for det representative demokratiet. Han er særleg kjend for sitt argument om at demokratisk deltaking ville bidra til å utdanna borgarane.

Firarbanden nemner ikkje noko om dette, men trekk fram eit sitat frå Mill om «den ukultiverte flokk», utan kjeldetilvising (det let seg ikkje spora i hans Considerations on Representative Government). Det er symptomatisk at dei tar sjølv ein av dei aller viktigaste liberale filosofane i historia så lite på alvor.

(Det skal nemnast at Ola Innset fortel ei meir nyansert og nøktern historie om forholdet mellom liberalismen og demokratiet i sitt interessante kapittel «Nyliberalismen – en skapelsesberetning».)

Er veljarane vaksne?

Firarbanden meiner vidare at den antidemokratiske tråden i liberalismen fører fram til vår tid: «Etter Brexit og Donald Trumps valgseier har frykten for folkestyret på ny trådt fram i lyset. Når velgerne ikke stemmer slik liberalistene vil, må det være velgerne det er noe galt med».

Her er det på sin plass å seia: Sjølvsagt er det noko feil med veljarane som røysta på ein så openbart uskikka, ustabil, umoralsk og inkompetent presidentkandidat som Donald Trump. Å nekta for dette er enten å ufarleggjera Trump, eller å umyndiggjera veljarane. Når vaksne, ansvarlege menneske vel ein skamlaus sjåvinist til verdas mektigaste verv, kan og bør dei kritiserast.

Likevel framstiller firarbanden valet av Trump som ein slags demokratisk triumf. At den liberale kandidaten Hillary Clinton fekk nesten tre millionar fleire røyster, eller at valkampen var påverka av innblanding frå ei framand stormakt, blir ikkje nemnt.

I same rennet skriv dei at «I land som USA og Storbritannia jobber politikere aktivt for å frata grupper av fattige stemmeretten eller redusere valgdeltakelsen». Men kva for nokon politikarar er dette? Jo, det er nettopp dei same kreftene som stod bak Brexit og valet av Trump.

Redaktørane peikar ikkje på ein einaste liberal politikar eller tenkjar som ønskjer å redusera valdeltakinga eller innskrenka røysteretten (med unntak for den ytterleggåande filosofen Jason Brennan), men let det likevel henga i lufta som ei skulding mot heile liberalismen.

Kampskrift

Kven er dette meint å skulla overtyda? Svaret blir meir og meir klart jo meir ein les: Firarbanden og resten av forfattarane prøver ikkje å overtyda liberalistar om at dei har tatt feil; målet er å overtyda andre radikalarar om at liberalismen er fienden. Ingen mennesker er født frie er ikkje eit bidrag til ein opplyst offentleg samtale der målet er å bli samde – dét er uansett ein liberal, borgarleg konstruksjon. Boka er i ordet sin rette forstand eit kampskrift.

Når alt dette er sagt, er det på sin plass å gi firarbanden rett i noko: Liberalistar bør vera meir sensitive for problematikken ved frihandelsavtalar som TTIP og TISA.

At delar av politikken blir bundne av internasjonale konvensjonar og organisasjonar, må vera ein sjølvfølgje i ei globalisert verd. Men sidan dei berre gjeld nokre få, kan bi- og multilaterale handelsavtalar skapa og sementera forskjellar mellom land, og det er vanskeleg å knyta gjennomsynlege demokratiske og rettsstatlege mekanismar til dei. Målet, i tråd med det beste i liberal tradisjon, burde vera meir internasjonalt demokrati og ein ny, global handelsavtale gjennom WTO.

Grøn liberalisme?

Eit par andre kapittel fortener ein eigen omtale. Ragnhild Freng Dale skriv interessant om miljø, og meiner marknadsliberalismen står i vegen for ein effektiv klimapolitikk. «I den grønne liberalismen er det markedet og individene – forbrukerne – som skal skape det grønne skiftet og det fossilfrie samfunnet», skriv ho, og det er eit godt anslag. Diverre blir analysen igjen for svak.

Kvifor kan ikkje ein marknadsbasert klimapolitikk fungera, og kva slags effektiv klimapolitikk er det marknadsliberalismen stoppar? Kva slags «forbud og direkte statlige initiativ» (sitat Dale) ville ha gitt ein betre klimapolitikk? Dei fleste er i dag samde om at dei statleg initierte CO2-reinseanlegga på Mongstad og Kårstø, til dømes, ikkje var spesielt vellukka. Marknadsliberalistiske EU har allereie forbode ting som glødepærer og hjørnekjøleskap, til stor irritasjon for mange – kva anna burde vore forbode?

Utan betre døme blir det vanskeleg å akseptera påstanden om at «nyliberaliseringa» sidan 1980-talet er det som har stått i vegen for klimahandling. Eit tidleg gjennomslag for nyliberaliseringa var som kjent at Margaret Thatcher stengte ned statleg subsidierte kolgruver i Storbritannia. Viss alle land hadde gjort slik den «grøne liberalismen» føreskriv – å fjerna subsidiar av fossil energi og setja avgfiter på skadelege utslepp – ville problemet truleg vore løyst for lengst.

Etikk eller politikk?

Mímir Kristjánsson bidrar med ein leseverdig polemikk mot effektiv altruisme, ei rørsle av folk som ønskjer å bruka tida og pengane sine til å hjelpa flest mogleg, mest mogleg effektivt. Det er eit friskt avbrekk: Tradisjonelt har liberalistar blitt kritiserte for å legitimera grådigheit og egoisme, men no blir dei òg kritiserte når dei vil gi bort halve inntekta si til nedkjemping av malaria.

Kritikken går i hovudsak ut på at den effektive altruismen er sentrert om det rasjonelle individet, og overser politiske strukturar og kollektive prosjekt. Eit slåande retorisk døme er at Nelson Mandela, ifølgje Kristjánsson, aldri ville ha via livet sitt til å kjempa mot apartheid-regimet om han hadde følgt råda frå den effektive altruismen.

Kristjánsson prøver å skapa eit samband mellom den effektive altruismen og liberalismen, men røynda er at mange liberalistar vil kunna vera samde i mykje av kritikken hans. Liberale etikarar vil typisk gi forrang til verdien av personleg integritet og grunnleggjande rettar framfor den typen nyttemaksimering som effektive altruistar tar til orde for.

I slutten av kapitlet sklir det likevel heilt ut, i det Kristjánsson kallar den effektive altruismen ein «totalitær» ideologi som vil skapa ein «elite» av «overmennesker» og «bestemme» over liv og død og kven som skal få pengar og ikkje. Effektive altruistar som Peter Singer eller Aksel Braanen Sterri har sjølvsagt ingen slike planar: Dei gir etiske råd til medmenneska sine, som står fritt til å følgja eller forkasta dei. Men i det heile tatt å skilja mellom etikk og politikk er kanskje for liberalt for kommunisten Kristjánsson?

Er mennesket fødd fritt?

Til slutt noko om tittelen på boka, Ingen mennesker er født frie, henta frå Sigurd Hvervens kapittel. I artikkelen «The Permanent Structure of Antiliberal Thought» frå 1989 skriv den amerikanske juristen Stephen Holmes om trekk som går att i mykje av den moderne liberalismekritikken. Eitt av desse trekka er å byta ut antonym, altså kva ord som står i motsetnad til kvarandre.

Boktittelen er eit typisk døme. Når liberale filosofar, politikarar eller menneskerettserklæringar har slått fast at menneska er fødde frie, har dette stått i motsetnad til at menneske blir fødde som eigendomen til eitt eller anna kollektiv, med medfødde lojalitetsband til klanen, folket, partiet eller nasjonen.

Hverven og firarbanden byter ut denne motsetnaden med ein annan, i det dei påpeikar at mennesket er avhengig av andre når det blir fødd (eit poeng også liberalfeministen Martha Nussbaum har brukt). Det er sant, men det er sjølvsagt heller ikkje noko nokon har nekta for.

Poenget med boktittelen er vel at mennesket er ibuande sosialt, ikkje sjølvtilstrekkjeleg. Som Holmes òg påpeikar, er dette ein klassikar innan liberalismekritikken. Men for det første byggjer dette ofte på karikaturar av den liberale posisjonen. For det andre er det høgst uklart kva slags konklusjonar ein kan trekkja av slike påstandar. Holmes sette fingeren på problemet: «Enkelt sagt er ‘menneskets sosiale natur’ for banalt til å telja som ei innsikt. … Viss alle individ er sosialt konstituerte, så kan ikkje det sosiale sjølvet brukast som ein kritisk standard for å hylla nokre samfunn og ta avstand frå andre.»

Det liberale samfunnet treng òg fellesskap, institusjonar og solidaritet. Det kan vera ei viktig påminning, men om menneska verkeleg er ibuande sosiale, er det grunn til å tru at dei vil klara å skapa desse banda òg når dei lever i liberale samfunn.

Samstundes er det risikabelt å gi slepp på den moralsk individualismen, eller å hylla «det sosiale» som noko ibuande positivt. Det finst flust av undertrykkande fellesskap, òg innanfor elles liberale samfunn. Alle som har følgt debatten om æreskultur eller sett Iram Haqs film Hva vil folk si bør vera freista til å friska opp slagordet om at mennesket er fødd fritt.

  • Innhaldet i bokmeldinga står for forfattaren si rekning.