Svar på kritikken av «Ingen mennesker er født frie»

Oscar Dybedahl, Sigurd Hverven, Ola Innset og Mímir Kristjansson
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Runar Bjørkvik Mæland erklærer på twitter at han måtte slakta boka vår Ingen mennesker er født frie. Særleg reagerer han på at vi henvender oss til ei allereie liberalismekritisk forsamling og yter liberalismen lita rettferd. Deretter kallar han oss for «firarbanden» og knyter oss til ei tvilsom gruppe i det kinesiske kommunistpartiet. Dette under avsnittet «Alternative fakta», der vi vert assosiert med Donald Trump.

Påstanden vår om at millionar av menneske har vorte kasta inn i ein situasjon der dei ikkje har økonomisk tryggleik er etter Mælands syn eit «alternativt faktum» som vert basert på venstreradikale kjensler og ikkje skikkeleg statistikk. Arbeidsløyse og «sårbar tilsetting» går ned i USA og Europa, medan ekstremfattigdomen har blitt kraftig redusert globalt.

At økonomisk utryggleik og mellombels arbeid er eit problem i Europa, baserer vi blant anna på ei melding frå den venstreradikale gruppa Europakommisjonen. I mai konstaterte den at strukturelle endringar har ført med seg «ei auke i mellombelse tilsetjingsformer» som skaper mangel på tryggleik for vanlege menneske og etterspørselsproblem i økonomien.

I mars 2016 publiserte forskingsinstituttet SPERI ein rapport om arbeidslivet i Europa der dei noterer eit «betydeleg politikkskifte» i retning av «svakare jobbtryggleik og aukande arbeidsmarknadsfleksibilitet», ofte kombinert med ei omlegging der velferdstenester vert knytt til deltaking i arbeidslivet. I 2015 lanserte ILO ein arbeidslivsrapport der dei viser at tre fjerdedelar av den globale arbeidsstokken har utrygge jobbar, anten med mellombelse kontraktar eller utan kontraktar i det heile.

Å avvisa at millionar av menneske har vorte kasta inn i økonomisk utryggleik som eit «alternativt faktum», framstår som ei lite elegant blanding av arroganse og ukunne.

Mæland er heller ikkje mild når det kjem til refleksjonane av boka om demokrati og liberalisme. Vi får høyra at vi hylla «valet av Trump som ein slags demokratisk triumf», når vi, heilt motsett, analyserer Trump som eit produkt av fleire tiår med demokratiske nedgangstider.

Vidare hevdar han at liberalismen «kategorisk» blir framstilt som antidemokratisk, særleg sidan ein kan lesa at det blant «liberalistar i det 19. og tidlege 20. århundret» var «åpenbart at demokratiet representerte en stor trussel for et liberalt samfunn». Men det er ingen kategorisk påstand – det er ein historisk påstand, som er relativt ukontroversiell.

Sjølv om dagens liberalistar ofte framstillar demokratiet som ein utvekst av liberalismen, gjekk liberalistar på 1800-talet ofte inn for eit elitestyre, ved anten dei rike eller ved dei utdanna klassane. Dei store stega mot ein allmenn røysterett kom først då den sosialistiske arbeidarrørsla kjempa dei fram.

Mot dette vert nemnt dei spanske liberales og og Cadiz-grunnlova av 1812. Rett nok gav grunnlova ein svært brei røysterett, sjølv om ho ekskluderte mange av afrikansk avstamming, tenarar, kriminelle og dei med stor gjeld. Ho levde heller ikkje lenge, men vart avskaffa til fordel for eineveldet i 1814.

Mæland nemner ikkje at òg spanske liberalistar raskt vart langt meir elitistiske. Òg for berarane av arva frå liberales vart det klart at berre dei med eigedom og utdanning hadde evna til politisk deltaking. Mellom 1837 og 1845 bytte dei liberalistiske partia Partido Progresista og Partido Moderado på å gjennomføra grunnlovendringar, der røysteretten vart avgrensa til å gjelda først 5% og deretter 1% av folkesetnaden. Slik vart det òg i Noreg, sjølv om grunnlova hadde henta inspirasjon frå Cadiz. I 1850 hadde berre rundt 5% av folkesetnaden røysterett.

Mæland skulle ynskje at vi fann plass til John Stuart Mills forsvar for kvinneleg røysterett og representativt demokrati. Vi freistar oss ikkje på noko fullstendig framstilling av historia til liberalismen, men peikar på at liberalismen på 1800-talet ofte var elitistisk og lite demokratisk. Mill rokkar ikkje ved dette biletet, sjølv om han var meir demokratisk enn mange andre. Elitismen kjem fram i uttrykk som at «dei intellektuelle klassane burde styra styresmaktene, og styresmaktene burde styra over dei dumme klassane». Han delte den tidstypiske uroa for at lågare klassar var uskikka for politisk deltaking, og ynskte at stemmer skulle vektast etter danningsnivå. I Thoughts on Parlimentary Reform skil han mellom vanlege arbeidarar (som burde ha ei stemme), bønder (fire stemmer), universitetsutdanna (seks stemmer) og så vidare. Dessutan brukte Mill flittig omgrep som «the common herd», «the uncultivated herd» og liknande som namn på den uvitande arbeidarklassa (i Utilitarianism, Autobiography, brevvekslinger og andre stadar).

Desto merkelegare vert det når Mæland går frå å framheva den nyttemaksimerande John Stuart Mill som ein sentral liberalistisk tenkjar, før han vil tilbakevisa kapittelet om effektiv altruisme ved å innvenda at nyttemaksimering ikkje nødvendigvis er viktig for alle liberalistar. Heile kritikken vert feilslått. Mæland tolkar artikkelen som ein kritikk av liberalismen som ein variant av effektiv altruisme, når han i røyndomen kritiserer den effektive altruismen som ein variant av liberalismen.

Han krev at kritikken av effektive altruistar må kunne ramma alle liberalistar om han skal vera gyldig. Slik vil han danna eit usårlegheitsbelte kring liberalismen ved å både hevda at liberalismen er så samansett at han ikkje kan kritiserast under eitt, samstundes som han insisterer på at kritikk av ein liberalismevariant må ramma liberalismen i alle variantar. Som retorisk verkemiddel for eit slakt er dette kanskje nyttig nok, men det blokkerer på uærleg vis debatten om problem og avgrensingar i den liberalistiske tradisjonen.

Meldinga kviler tungt på påstandane som blir fremja i forordet, som blir brukt som ein tolkingsnøkkel for dei mange ulike bidraga til antologien. Det er uheldig. Forordet skulle ikkje oppsummera bidraga, men aktualisera behovet for liberalismekritikk i dag. Dette gjer at Mæland tolkar kapittelet om i kva grad menneske er fødd frie som eit angrep på all moralsk individualisme, sjølv om det uttrykkeleg blir avvist i teksten. Liknande feiltolkingar oppstår av same grunn av kapitla om effektiv altruisme, økonomisk liberalisme, og om ein marknadsbasert klimapolitikk. Som redaktørar får vi ta noko av skulda for å ha skrive eit polemisk føreord. Men ein meldar skal gje lesarane eit truverdig innblikk i innhaldet av boka, noko Mæland diverre ikkje gjer.

Bokmeldinga til Runar Bjørkvik Mæland finn du her.