Nynorskfolket kunne jubla då Brageprisane blei delte ut tysdag kveld. Maria Parr henta heim den andre Brageprisen sin. Det blei også pris til Olaug Nilssen.
NPK-NTB-Trine Andersen
NPK-NTB-Trine Andersen

Brageprisen er ein av dei gjævaste norske litteraturprisane og blir delt ut i fire klassar. Maria Parr (36) fekk pris for «Keeperen og havet» i klassen for beste barne- og ungdomsbok, mens Olaug Nilssen (39) vann den skjønnlitterære klassen for romanen sin «Tung tids tale». Begge to gjev ut bøkene sine på nynorskforlaget Samlaget.

Olaug Nilssen er kjend både som dramatikar og forfattar. «Tung tids tale» er den første romanen hennar på tolv år og byggjer på hennar eigen historie om korleis det er å ha ein gut med autisme. Forfattaren seier at då ho skulle skriva boka, vakla ho mellom å velja sakprosa eller ein roman.

– Den viktigaste grunnen til at eg hamna på ein roman, er at sonen min ikkje kan gjera greie for seg og at det er mi historie eg fortel. Men eg har også forma historia slik at det ikkje er alt som er dokumentarisk sant. Eg har bytt om på kronologi, bytt plass på personar – og nokre scener har eg dikta med grunnlag i episodar som er sanne. Du kan seia at forma vann over sanninga, seier Nilssen til NTB.

Brage-juryen skriv at «Tung tids tale» er eit rørande brev til ein elska son, ein fortvila rapport frå ein utmattande kvardag og eit verknadsfullt kampskrift mot diagnosesamfunn og rigid byråkrati.

LES OGSÅ: Olaug Nilssen nominert til Ungdommens kritikarpris

Pris for kart og lyrikk

Barnebokforfattar Maria Parr fekk også Bragepris i 2009. Då for det store gjennombrotet sitt «Tonje Glimmerdal», som også har blitt teater. «Keeperen og havet» er ein oppfølgjar til debutboka «Vaffelhjarte», og byr på eit nytt møte med Trille og Lena i vestlandsbygda Knert-Matilde.

Frå den vesle bygda ved havet skapar Maria Parr eit litterært univers som både er tidlaust, universelt og godt å venda tilbake til, meiner Bragejuryen.

SJÅ VIDEO: Maria Parr med skrivetips til ungdom

Under prisutdelinga på Dansens Hus i Oslo tysdag kveld vanka det også pris til ein av dei mest kjende dramatikarane og lyrikarane i vår tid, Cecilie Løveid. Ho fekk Brageprisen i open klasse, som i år er lyrikk, for diktsamlinga «Vandreutstillinger».

Prisen i klassen sakprosa gjekk til Thomas Reinertsen Bergs «Verdensteater», som er ei bok om karthistorie. Ei utsøkt og særeiga sakprosaboka, meiner juryen.

BRAGEPRISVINNAR: Maria Parr (t.h.) vann tysdag Brageprisen 2017 for beste barne- og ungdomsbok med boka “Keeperen og havet”. Kulturminister Linda Hofstad Helleland delte ut prisen på Dansens Hus i Oslo tysdag kveld. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK

Heiderspris

Det blei også delt ut ein heiderspris til illustratøren og barnebokforfattaren Kari Grossmann.

– Årets vinnar har gjennom eit langt kunstnarliv late nyfikna og lysta etter kunnskap hos barn vera førande og forførande. Denne kunstnaren er, som barnelitteraturen sjølv, tverrestetisk. Få, om nokon, har prega norsk barnelitteratur og norsk visuell offentlegdom som vinnaren av heidersprisen i år, skriv juryen.

Brageprisen blir delt ut av stiftinga Den norske Bokprisen og har 25-årsjubileum i år. Prisen har som mål å heidra gode norske forfattarskap, i tillegg til å skapa interesse for norsk litteratur.

Meld deg på nyhendebrevet vårt med siste boknytt her!

Fakta om Brageprisen og vinnarane i år

* Årets Bragepris-vinnarar:

* Skjønnlitteratur: Olaug Nilssen for «Tung tids tale», Det Norske Samlaget.

* Barne- og ungdomsbøker: Maria Parr for «Keeperen og havet», Det Norske Samlaget.

* Sakprosa: Thomas Reinertsen Berg for «Verdensteater», Forlaget Press.

* Open klasse, lyrikk: Cecilie Løveid for «Vandreutstillinger», Kolon Forlag.

* Heidersprisen 2017: Kari Grossmann.

Brageprisen blir delt ut av stiftinga Den norske Bokprisen. Prisen har som mål å heidra gode norske forfattarskap, i tillegg til å skapa interesse for norsk litteratur.

(©NPK)

Oppdatert: laurdag 25. november 2017 09.24

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE