Olaug Nilssen nominert til Ungdommens kritikarpris

Ny prismoglegheit for Tung tids tale.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ho er nominert til Ungdommens kritikarpris

Nominasjonane til Ungdommens kritikarpris 2018 blei offentleggjorde onsdag kveld under eit arrangement på Deichmanske bibliotek i Oslo. I alt er åtte forfattarar nominerte. Dette er andre gong Nilssen er nominert til denne prisen.

Stolt og glad

– Eg er veldig stolt av og glad for å vere nominert for andre gong, og eg er spent på korleis ei slik bok blir mottatt av unge lesarar, seier Olaug Nilssen i ei pressemelding frå Foreningen! les.

– Tung tids tale har utløyst eit ras av positive og inderlege tilbakemeldingar, både frå pårørande, frå fagfolk innanfor helse og omsorg og frå andre lesarar. Det er stort og sterkt å oppleve at ei personleg bok får til å krype inn under huda på så mange lesarar, seier Nilssen om boka i ei pressemelding frå Samlaget.

– Eit eksempel på krafta i skjønnlitteraturen

«Med et høyt tempo, ofte korte kapitler og setninger, skildrer forfatteren frustrasjonen, sorgen, men også gleden over å ha et barn som er annerledes. Det er ofte vondt å lese om, men også rørende og i blant humoristisk. Boken blir stående som et eksempel på kraften som finnes i skjønnlitteraturen, og på hvordan den kan sette politiske og eksistensielle problemstillinger under debatt», heiter det i grunngjevinga frå juryen.

Ungdommens kritikerpris er eit samarbeid mellom Foreningen! les, Utdanningsforbundet, Norsk Kritikerlag og Den norske Forleggerforeningen. Prisen går til ei bok i sjangeren skjønnlitterær samtidslitteratur og blir delt ut av elevar i vidaregåande skule.

Tung tids tale er òg nominert til Brageprisen.

Dei andre nominerte er:
  • Demian Vitanza: Dette livet eller det neste (Aschehoug) – roman
  • Therese Tungen: Ein gong var dei ulvar (Aschehoug) – noveller
  • Jan Kjærstad: Berge (Aschehoug) – roman
  • Erlend O. Nødtvedt: Vestlandet (Aschehoug) – roman
  • Øyvind Rimbereid: Lenis plassar (Gyldendal) – langdikt
  • Lotta Elstad: Jeg nekter å tenke (Flamme) – roman
  • Aina Villanger: Baugeids bok (Oktober) – prosaverk