Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er berre så viktig å skriva om ting som er ekte! Det kan vera ein fantasyroman eller science fiction-roman, men det handlar alltid om dei store menneskelege kjenslene: å villa høyra til, å vita at ein ikkje er åleine. Eg trur det er ein grunn til at eg alltid har lese: For å vita at eg ikkje er åleine, seier den amerikanske forfattaren Jennifer Niven.

Etter at All the Bright Places (Dager med blå himmel) frå 2015 blei ein internasjonal bestseljar, har Niven fått fans over heile verda. Nyleg besøkte Niven bokmessa i Gøteborg for å presentera den nyaste boka si, Holding up the Universe.

Alltid eit lyspunkt

Niven skyr i alle fall ikkje dei store og ekte kjenslene. Til liks med den førre romanen, handlar også Fordi du ser meg (som boka heiter på norsk) om ungdomar som slit med tøffe utfordringar; mellom anna har begge romanane ein hovudperson som må takla tapet av mor eller far. Sorg blir difor eit sentralt tema – noko Niven også har mykje erfaring med sitt eige liv.

I Dager med blå himmel møter sorgtyngde Violet den depressive Finch i toppen av eit klokketårn. Neste år kjem boka som film. Vigmostad og BjørkeBegge

Men frå sine eigne erfarinar har forfattaren også lært kor viktig det er å gi rom for humoren innimellom alt som er vondt, både i livet og i litteraturen.

– Eg har mista så mange folk i livet mitt, inkludert foreldra mine og guten som inspirerte Finch i Dager med blå himmel. Men eg er utruleg motstandsdyktig, og ein del av det handlar om humor. Mor mi brukte å læra meg om glede, og eg arva ei evna til å finna glede i små og store ting, seier Niven, og held fram:

– Eg trur ein treng å ha den evna, for livet kan vera veldig mørkt, men det finst alltid lyspunkt – og du kan vera eit lyspunkt.

Positivitet mot Trump

For Jennifer Niven er det å spreia lyspunkt og å inspirera andre til det same også ei politisk handling. Ho fortel at ho kjende seg makteslaus då Donald Trump blei vald som president USA i etter

– Så tenkte eg at det eg kan gjera, er å halda fram med å skriva historier som gir ei røyst til unge folk som kjenner at deira røyst blir tatt frå dei og ikkje lytta til, seier Niven, og legg til:

– Men eg kunne også gå på sosiale medium og lesa kva folk skriv, leggja ut meldingar om kor mykje det tyder for meg og dela fine ting – som mor mi sa, «put loveliness back into the world».

På Facebook, Twitter og Tumblr deler Niven i dag oppmuntrande bodskap og fankunst ho får frå lesarar over heile verda til dei mange som følgjer henne:

Fansen knyter band

I den nyaste boka si, Fordi du ser meg, tar Jennifer Niven også opp skuggesida av å veksa opp på nettet. Etter at Livvy mistar mor si, isolerer den allereie overvektige jenta seg og et til ho må reddast ut av huset. Eit YouTube-klipp av redninga går viralt, og dermed blir Livvy kjend for heile verda som «den feitaste tenåringen i USA».

Fordi du ser meg handlar om venskapen som oppstår mellom overvektige Livvy og den populære, men usikre Jack. Vigmostad og Bjørke

– Det er så mykje som er skadeleg på sosiale medium, så eg ville prøva å skapa positive og trygge rom for tenåringar på mine eigne sosiale medium, seier Niven, og fortel at ho blir rørt av korleis følgjarane hennar dannar fellesskap og knyter band seg imellom.

– Viss éin skriv at «eg kjenner meg langt nede,» så kjem det mange andre og seier «eg er her for deg, eg forstår korleis du kjenner det.» Det er fantastisk å sjå krafta i det.

LES OGSÅ: Frå Instagram-tekstar til nytt forlag

Må snakkast om

Under samtalen på bokmessa i Gøteborg fortel Niven at ho har fått reaksjonar frå vaksne som meiner at det ikkje er passande for tenåringar å lesa om dei mørke temaa ho tar opp i bøkene sine, som depresjon, tap og sjølvmord.

Forfattaren sjølv meiner dette ikkje er å ta ungdom på alvor.

– Tenåringar går likevel gjennom desse tinga, eller dei kjenner nokon som gjer det. Difor er det så viktig at me fortel dei at det ikkje berre er greitt å snakka om desse tinga, og at dei ikkje er åleine – men at det er naudsynt at dei snakkar om dette.

Foto: Runar B. Mæland

Frå dei unge lesarane har derimot reaksjonane vore overveldande, fortel forfattaren.

– Det er vanskeleg for meg å snakka om det utan å bli veldig emosjonell, men eg høyrer kvar dag frå lesarar over heile verda som seier «takk for at du skreiv denne boka og let meg vita at eg ikkje er åleine, takk for at du hjelper meg, takk for at du redda meg». Eg trur at bøker kan vera ein veldig kraftfull ressurs, seier ein tydeleg rørt Niven.