La oss dra utanfor kartet sine grenser

Framtida
Publisert
Oppdatert 06.11.2017 09:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Du veit den følelesen du får når du set deg ned med ei ny bok. Det er den beste følelsen i verda. Ikkje nok med det, det er den beste følelsen i alle verdene. Når du les blir du presentert for ei ny verd. Om det er eit nytt univers eller ein liten landsby som finns i verkelegheita er det alltid spennande å bli kjent med den nye plassen. Det er alltid gøy å dra på oppdagingsferd.

Eg les av mange ulike grunnar. Dei tre hovudgrunnane er for kunnskap, for å oppdaga og for å forstå. Kanskje det er tre kjedelege grunnar, men før du trekk for raske slutningar, la meg forklara.

Eg les for å få kunnskap. Det høyrest sikkert snodig ut, i og med at det er snakk om skjønnlitterære bøker, men tenk over det. Når du les ei fantasy-bok sett på attenhundretalet får du eit inntrykk av korleis det var då. I tillegg til historisk kunnskap kan ein henta med seg sosial kompetanse. Gjennom bøker blir ein kjent med mange ulike karakterar. Noko som seier seg sjølv er at alle desse karakterane har ulik personlegheit. Når du les blir du med dei på ei reise der dei anten utviklar seg psykologisk, eller so får du berre eit innblikk i deira tankar og følelsar. Om ein les mange ulike bøker, med mange ulike karakterar lærer ein å kjenna mange ulike personlegheitstrekk, noko som kan komma godt med i den verklege verda. Ein lærer andre å kjenna, lærar å forstå andre, noko som leier meg til den neste grunnen.

Eg les for å forstå. Det er haust og regnet hamrar mot vindauga. Du har laga deg ein kopp med kakao og eit par marshmallows ligg og duppar på overflata.  Boka du nett har byrja på verkar som ei morosam, letthjarta bok. Då du etter ein lang lesekveld legg frå deg boka er hovudet ditt so full av nye tankar at du blir liggande lenge før du sovnar og diskutera med deg sjølv. Boka var ikkje so letthjarta som du trudde, var ho? Eg les mange ulike bøker, og alle tar opp forskjellige ting, men eg sit alltid igjen med noko eg tenker over. Bøker omtalar ting på andre måtar enn du kanskje har høyrt før. Dei set ting i nytt lys. Dette er noko av det eg likar med bøker. Dei kan omtala viktige tema ein kanskje ikkje snakkar so mykje om til vanleg på ein enkel og lettforklart måte. Ein kan få eitt nytt syn på ting ein ikkje har tenkt so mykje over før. Ein kan sjå det på ein anna måte. Noko som bringer meg til den siste og det eg meiner er den viktigaste grunnen til å lesa:

Eg les for å oppdaga. Av dei tre grunnane til kvifor du burde lesa er dette den eg synest er viktigast. Kvifor er dette den viktigaste grunnen? La meg forklara. Alt det eg har sagt før går inn under oppdaging. Når du lærer noko kan du lika godt seia at du oppdagar det. Når du forstår noko, eller ser noko i nytt lys oppdagar du det på nytt. Teknisk sett kunne eg sagt at det er berre éin grunn til at eg les, men det ville ikkje blitt heilt rett. Dei to andre grunnane er på ein måte oppdaging, men den oppdaginga eg les for er ei heilt anna. Når ein forfattar skriv brukar han eller ho fantasien sin. Dei har skapt ei ny verd dei vil dela med andre. Det er i desse verdene eg likar å dra på oppdagingsferd. Når ei bok er so god at du gløymer at du les, det er fantastisk. Du er so inne i boka, so inne i det universet at når du vaknar frå lesetransa blir du nesten trist fordi du ikkje kan vera ein del av det. Du vil vita meir. Oppdagingsferd var det mest dekkande ordet eg kunne finna for å beskriva kva eg meiner. Det er grunnen til at eg les.

Kvifor du skulle koma til å lesa kan vera av heilt andre grunnar. Dette er berre mine grunnar. Dei tre kjedelege grunnane. So viss du finn ut at du skal hoppa på lesetoget, so ta ein tur innom meg. Me kan diskutera bøker og gi kvarandre boktips. Og kanskje, viss du vil, so kan me dra på oppdagingsferd ilag.

 

Skrivekonkurranse

Gjøa Sveinsdotter Holmefjord fekk heiderleg omtale av juryen i skrivekonkurransen til Framtida.no, Magasinett og Falturiltu om kva skjønnlitteraturen og klassikarane kan gi oss.

Gjøa Sveinsdotter Holmefjord går i 9.klasse ved Eikelandsosen skule.