Ei ny undersøking viser at 20 prosent av alle nordmenn er bekymra for luftkvaliteten utandørs.

NPK-NTB
NPK-NTB

Undersøkinga gjort av byrået M3 på oppdrag for Blueair, viser også at nesten like mange er redde for konsekvensane lufta har for helsa deira, skriv NRK.

– Det kan vi forstå. Vi ser at dødstala aukar. Vi veit at høg luftforureining er farleg, spesielt for utsette grupper. Og dessverre er det farleg for barna våre som bevegar seg nærmare bakken, seier Frode Jahren, generalsekretær i Landsforeningen for hjarte- og lungesjuke (LHL).

I underkant av sju av ti opplever allergiliknande symptom når dei er utandørs, ifølgje undersøkinga, og heile 40 prosent merkar symptom på astma eller lungesjukdom.

LES OGSÅ: Luftforureining krev millionar av liv årleg

Køyreforbod
I vinter har Sør- og Austlandet vore ramma av dårleg luftkvalitet – og det er i Oslo og Akershus ein i størst grad opplever dårleg luftkvalitet. Kvart år døyr 185 menneske i Oslo for tidleg av luftforureining.

Også Bergen, Trondheim og Tromsø har opplevd høg luftforureining denne vinteren.

Tysdag var det mellombels køyreforbod for dieseldrivne køyretøy på Oslos kommunale vegar. Bakgrunnen for vedtaket til Oslo kommune var at lufta i Oslo var så forureina at den kunne vere helsefarleg for innbyggjarar i byen. Dieselforbodet varte frå klokka 6 til klokka 18.

LES OGSÅ: UNICEF: Kvart sjuande barn i vera pustar giftig luft.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.14

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE