Diskuterer korleis big data kan vere til hjelp i naud

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vestlandsforsking leier det internasjonale prosjektet Big Data Emergency Management (BDEM). I prosjektet skal ein sjå på korleis ein ved hjelp av big data nærast omgåande kan vere til stades der det er behov for det ved ein naudssituasjon.

– Det handlar ikkje berre om å forstå big data, men også om etiske og juridiske spørsmål. Sensorar kan fange opp informasjon overalt, frå videoar folk publiserer til meldingar dei sender til kvarandre. Vi diskuterer både korleis vi kan bruke dette, og kvar dei etiske og juridiske grensene går, forklarer prosjektleiar Rajendra Akerkar ved Vestlandsforsking i ei nyheitssak dei sjølve har produsert.

Måndag 13. og tysdag 14. november var det arbeidsseminar for forskarar i BDEM-prosjektet. Seminaret var i regi av Vestlandsforsking og vart arrangert på Universitetet i Bergen.

Big data er ofte definert som store og varierte mengder data som stadig er i endring.