Trur ikkje terrorberedskapen er betre

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Halvparten tvilar på beredskapen

I ei undersøking, som Respons Analyse har gjort for Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad og Adresseavisen, vart folk også spurt om dei trur at politiet klarer å gjere endringar som kjem til å betre organisasjonen og leiinga i politiet.

46 prosent av dei spurde trur politiet klarer det, men éin av fire trur ikkje at politiet er i stand til å endre seg.

LES OGSÅ: Vil ha bachelor i etterretning

Justis- og beredskapsminister Grete Faremo (Ap) er ueinig med halvparten av befolkninga. Beredskapen har heilt klart vorte styrkt etter 22. juli 2011, meiner ho. Derimot er det framleis mykje som manglar før politiet fungerer som det skal, legg ho til.

– Det er definitivt rom for effektivisering av politidrifta i Noreg. Det er ganske opplagt, seier Faremo.

Ho viser til rapporten frå politianalyseutvalet som vart lagt fram i juni. Rapporten peiker på manglande styring og sviktande bemanning, og han hevdar at evna politiet har til å tenkje nytt og til å tilpasse seg samfunnet har vore svak.

– Måten politiet er organisert på i dag er til hinder for ein effektiv pengebruk, seier Faremo.

LES OGSÅ: Ber imamar ta avstand