Krev auka barnetrygd for å hindre fattigdom

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forumet er sett saman av tolv landsdekkjande organisasjonar som representerer alt frå leigebuarar og åleineforsørgjarar til rusavhengige og tidlegare straffedømde. Nyleg lanserte dei kampanjen «1 av 10 barn» for å skapa merksemd om ulike tiltak for å få ned barnefattigdommen, skriv Klassekampen.

Barnetrygda har ikkje blitt prisregulert sidan 1996. Ifølgje forskarane er det ein av hovudgrunnane til at det har blitt fleire barn som veks opp i fattige familiar.

Treng føreseieleg økonomi

Sosialstønad på Sifo-nivå er også blant krava i kampanjen. Det vil seia stønad rekna ut frå referansebudsjettet til Sifo for alminnelege forbruksutgifter for ulike typar hushald. Budsjettet omfattar først og fremst basisprodukt som mat, kle og hygieneartiklar.

Talsmann for kampanjen, Johan Lothe, meiner den manglande evna til å ta tak i barnefattigdom er eit tverrpolitisk problem, men er heller ikkje imponert over strategien til regjeringa for barn som lever i fattigdom.

Det som verkeleg trengst er ein økonomi som er føreseieleg og høve til å skaffa seg ein eigna bustad, meiner Lothe.