40.000 unge utan jobb, studiar eller støtte

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

40.000 unge er utanfor

I kartlegginga til forskingsstiftinga Fafo fell gruppa inn under nemninga NEET – Not in employment, education or training. Dei overlever enten ved å få pengar heimanfrå eller ved svart arbeid eller anna kriminalitet, melder NRK.

LES OGSÅ: Vil ha livsmeistring inn i skulen

Dagdrivarar eller folk som slit
– Vi veit eigentleg svært lite om kven dei er. Det kan vere alt frå dagdrivarar til backpackarar, kunstnarspirer som har flytta heim til foreldra, eller folk som slit med fysiske eller psykiske utfordringar, seier Fafo-forskar Anne Hege Strand til kanalen. Ho er prosjektleiar for rapporten «Unge mottakarar av helserelaterte ytingar».

– Dei har ikkje registrert noka eiga inntekt. Det kan vere familien, foreldre eller ektefellar som forsørger dei, men det kan også vere at desse forsørger seg gjennom svart arbeid eller anna form for kriminalitet, seier Strand.

LES OGSÅ: Nav-brukarar kan bli fråtekne støtte

Potensiell arbeidskraft
Administrerande direktør Anne-Kari Bratten i arbeidsgjevarforeininga Spekter seier desse 40.000 representerer potensiell arbeidskraft som Noreg har behov for.

– Vi har ikkje råd til å gamble på at vi kanskje eller kanskje ikkje får tak i denne arbeidsgruppa. Dette er 40.000 personar som arbeidsmarknaden verkeleg kjem til å trenge når eldrebølgja skyl over landet som ein slags evigvarande tsunami, seier Bratten. (©NPK)

LES OGSÅ: Studentane slit, fleire krev handling