Ny rekord for Falturiltu

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg trudde me skulle nå toppen på 10-årsjubileet vårt i fjor, men der tok eg feil, seier festivalsjef Roald Kaldestad.

Publikumstalet enda på 6044 publikummarar. 5001 på barnearrangementa og 1043 på vaksenarrangementa. Det er eit par hundre fleire enn rekorden under jubileet i fjor.

– Det ballar berre på seg – det er veldig gøy! seier Kaldestad om det som er blitt landets største barnebokfestival, og landets største festival for den nynorske litteraturen.

For første gong er alle skulane i Stord involverte, også Stord vidaregåande skule. Det har òg vore fleire arrangement i nabokommunane Sveio, Bømlo, Fitjar og Kvinnherad.

Sjå videoar frå Falturiltu:

Einar Økland oppsummerer Bibelsoga på 2 minutt

Kristi Furubotn: – Godt å koma tilbake til nynorsken!

Oppsummering av heile festivalen:

Og her, frå bokbadet med Lars Mæhle, Aina Basso og Øystein Runde:

Takk til medielinja ved Stord vidaregåande skule for videoane!