Bakom boka: Maria Parr

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Maria Parr (35) frå Vanylven har berre gjeve ut to bøker, men dei har vorte ein massiv suksess. Begge bøkene er selde til ei rekkje land, og allereie for debutboka Vaffelhjarte vart ho nominert til Brageprisen. For boka om Tonje Glimmerdal fekk ho den høgthengande prisen.

Vaffelhjarte har i tillegg vorte ein populær TV-serie på NRK Super, og både den og Tonje Glimmerdal har også vore sette opp som teaterstykke.

I podkasten fortel ho om korleis ho jobbar, og om kvifor Tonje Glimmerdal ikkje har mobiltelefon. Dessutan avslører ho kva ho skulle ønske at ho ikkje hadde tatt med i Vaffelhjarte.

Podcasten blei først publisert på bloggen til Nynorsksenteret før det blei kjent at tredjeboka hennar kjem i haust.