Barndomsunivers fekk fart på skrivegleda

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I den nye boka Keeperen og havet møter vi igjen dei to hovudpersonane Lena Lid og Trille som vi blei kjende med for tolv år sidan då Maria Parr debuterte med Vaffelhjarte. Sidan den gongen har historia om dei to bestevennene i den vesle bygda Knert-Mathilde sjarmert og rørt stadig nye lesarar i inn- og utland. Boka er omsett til 28 språk, og her i landet har forteljinga resultert i både barne-tv og teater.

Maria Parr har også hatt stor suksess med den andre boka si Tonje Glimmerdal. På same måten som Vaffelhjarte blir boka omtalt som ein klassikar i norsk barnelitteratur og er seld til 20 andre land. Historia om den tøffaste jentungen i Glimmerdalen har også vore sett opp på fleire teaterscener i landet.

Frå skrivesperre til skriveglede

Mange har venta på at det skulle koma meir frå den kritikarroste barnebokforfattaren, men Maria Parr legg ikkje skjul på at det har teke tid før ho fekk dreisen på det blir omtalt som ein frittståande oppfølgjar av Vaffelhjarte.

– Eg var veldig klar på at eg ikkje ville skriva noko ny nummer-to-bok berre fordi det har gått bra med den første. Det synest eg ikkje var nokon god ide. Eg må ha noko å melda. Difor har eg vore ganske skeptisk til å laga ein toar. Det synest eg heller ikkje eg har gjort, seier Maria Parr.

Ho meiner Keeperen og havet er ei bok som står på eigne bein og som godt kan lesast utan å ha lese Vaffelhjarte.

Det var først då ho vende tilbake til barndomsuniverset Knert-Mathilde at forteljargleda losna. Så lenge Maria Parr kan hugsa har ho dikta historier om dei to bestevennene Lena Lid og Trille i det vesle fiktive bygdesamfunnet.

– Eg gjekk nok ein del omvegar for å finna ut at den forandringa eg trong kunne skje innanfor noko som allereie fanst. Det var veldig godt å koma tilbake til Knert-Mathilde og oppdaga at eg kunne skriva ei ny bok utan finna opp alt på nytt, seier Maria Parr.

Ho fortel at Keeperen og havet er den boka ho har kost seg aller mest med å skriva, og både lesarar og kritikarar er begeistra. Tretten land har alt kjøpt rettane til boka.

– Skriv for dei viktigaste lesarane

I Keeperen og havet har Lena og Trille blitt to år eldre og skal byrja i sjuande klasse. Maria Parr peikar på at dette er ein alder der det skjer mykje og verda gjerne blir litt meir kompleks.

– Eg synest det har vore spennande å skriva om denne tida då barn tek til å forstå at verda er større, at det finst sanningar som ein kanskje ikkje har vakse opp med sjølv og at ein står i ein samanheng både bakover og framover.

Uansett kva aldersgruppe Maria Parr skriv for, synest ho det viktigaste er å gje ungar gode, sterke leseopplevingar der dei blir tekne på alvor med heile kjensleregisteret sitt og hovudet sitt.

Sjølv synest Maria Parr at ho skriv best når det er noko ho har lyst til eller føler behov for å setja ord på for sin eigen del, og kan ikkje tenkja seg noko viktigare enn å skriva for barn.

– Leseopplevingane vi har som barn og ungdom, er dei som formar oss mest. Slike leseopplevingar kan til og med bety ein forskjell i eit liv. Å laga skikkeleg bra ting til ungar – anten det er litteratur eller andre kulturuttrykk – er difor utruleg viktig og veldig meiningsfullt. Men også veldig vanskeleg og inspirerande.

Den store suksessen er ho ganske avslappa til. Ho seier at ho føler seg ganske lik den ho alltid har vore, men innser dess eldre ho blir kor privilegert ho har vore.

Noko av det som gjer mest inntrykk på henne er når nokon kjem bort til henne og fortel om opplevingane dei har hatt etter å ha lese bøkene hennar.

– Då blir eg rørt. Det gjer ofte meir inntrykk enn det ein les og høyrer.

Inspirert av heimbygda

Maria Parr meiner oppveksten hennar på Fiskå i Vanylven kommune på Sunnmøre har hatt mykje å seia for forfattarskapen hennar. Ho nemner spesielt den gode replikken og at ho har vakse opp med ein familie som har vore glad i det å fortelja historier.

– Gjennom dette har eg fått mykje gratis, og eg bur midt oppi det enno, seier 36-åringen som har etablert seg som fulltidsforfattar i heimbygda med mann og to barn.

Maria Parr vedgår at Knert-Mathilde kan minna litt om den bygda ho sjølv vaks opp i, men ho strekar under at det er ein tenkt stad. Mange vil kan henda sjå føre seg bilete frå barne-tv-serien NRK laga av den første boka hennar når dei tenkjer på det vesle bygdesamfunnet. Maria Parr innrømmer at det har blanda seg inn bilete derifrå også for hennar eigen del, men utgangspunktet er hennar eige.

– Mitt eige miljø kling nok med i stor grad, seier ho og trur alle fort ser føre seg bygdesamfunnet dei sjølve kjenner til når dei les bøkene hennar.

– Du har sagt at du ikkje har planar om å følgja Lene og Trille inn i puberteten, men for å spørja litt annleis: Er det meir der det kjem frå?

– Eg trur ikkje det kjem meir frå Knert-Mathilde, men eg har lært meg å ikkje vera så kategorisk. Førebels har eg ingen planar. Eg er ein treg forfattar og har lange perspektiv på bøkene mine, så no synest eg det er fint å få vera litt oppteken av den boka eg nettopp har gjeve ut.