Det er sommar, og eg er lei av heile internettet.

Framtida
Publisert
Oppdatert 13.11.2017 13:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jøss, så mykje keisamt som det går an å samle på eit nett, tenkjer eg. Så mange keisame folk som finst rundt omkring, tenkjer eg. Sjå på desse heimesidene dei har fått seg, tenkjer eg. Folk er ikkje kloke. Kven gidd å høyre om alt det dumme og uinteressante dei er interesserte i? Kven gidd å sjå på bilda av familiane deira? Eg skulle ha laga meg ei heimeside sjølv, tenkjer eg. Det er tydelegvis ikkje særleg vanskeleg. Men eg gidd ikkje, sjølv om familien min sikkert hadde likt å kome på nettet og stå der til spott og spe, i sin beste stas. Nei, eg har andre planar. Eg arbeider med eit stort prosjekt, som berre krev ei litt stor datamaskin og litt teknisk innsikt: å laste ned heile internettet og slette det. Det kan sikkert bli litt vanskeleg for ein del i den første tida, særleg for dei som hadde fått for vane å begynne dagen med å rusle inn på nettet og kikke på pornobilete, men stort sett vil det nok gå greitt. Smått om senn vil alt falle tilbake i gamle former, ein finn seg pornobilete andre stader, og ein kan, om ein vil, klistre heimesidene sine opp på veggen, til minne om ei tid som var. Ei grei nok tid, men ein skjønte jo at det måtte ta slutt ein gong. (Eg innser jo at dette også vil gå ut over Magasinett, men det får ikkje hjelpe. Nokre offer må gjerast.)

Men eg har også fleire planar. Eg har dyrka fram eit spesielt vondsinna virus (du har lese om det ja? Ja, det er eg som har funne det opp.), heime i mi eiga stove, som angrip mobiltelefonane, alle mobiltelefonane, et dei opp innanfrå, og flyttar seg frå mobiltelefonen via øyregangen til mobiltelefonbrukarene og et opp hjernen deira. Eg har alt prøvd det ut på rotter, med godt resultat. Rottene sit no berre og smiler fornøgd i sofaen. Ikkje det at eg har noko imot mobiltelefonar, sjølvsagt, eg har då ein sjølv, eller at eg er imot tekniske framskritt. Tvert om: eg elskar tekniske framskritt, særleg dei som gjer livet lettare. Det er dei som gjer livet tyngre eg er imot. Og no har eg fått del i så mange telefonsamtalar, på gata, på toget, på bussen, alle stader, at eg ikkje trur eg klarer meir. Eg veit rett og slett så mykje meir om så mange menneske enn eg nokon gong har ønskt å vite, at eg veit ikkje kva eg skal gjere med alt saman. Og dersom du trur at folk lever svært interessante liv, så tar du feil. Dei lever liv som står heilt i stil med heimesidene deira.

Ja, slike planar går eg rundt med og eg kjenner at eg er godt fornøgd med meg sjølv. Det skal skje ting, og mykje vil forandre seg og eg har noko meiningsfylt å bruke tida mi på. Men – eg skal då også slappe litt av no når sommaren er her. Eg skal fiske, og eg skal også få fisk, og den skal bli stor.

Mange spør meg, eg som har erfaring med begge deler, om kva som er best: lovleg eller ulovleg. Løyse fiskekort og betale fisketrygdavgift, eller tjuvfiske? Her må eg ærleg seie at det ikkje nødvendigvis er nokon samanheng mellom fiskelykke og lov og orden. Det er ikkje det. Men om du fiskar ulovleg, så vil du ofte ha så dårleg samvit at det øydelegg litt av gleda, og berre du høyrer lyden av ein båt, så tenkjer du: Kontrollør! Og så slenger du frå deg stanga og stuper inn i nærmaste busk.

Så alt i alt vil eg nok tilrå den lovlege varianten.

Og slik vil nok sommaren gå, eg får meir og meir fisk i frysen, og eg veit truleg til slutt ikkje mi arme råd. Kor skal eg gjere av dei? Det er grenser for kor mange fiskemiddagar ein orkar i løpet av ei veke. Men så kjem eg på det: internettet finst enno. Og dermed legg eg fangsten min ut på nettet, og ved nokre små tastetrykk kan eg seinare laste ned den middagen eg treng.

At ingen har tenkt på det før, seier eg.