Toyni Tobekk
Publisert
Oppdatert 10.11.2017 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Du som les dette er truleg ein ungdom som går på ungdomsskulen eller i vidaregåande. Du hamnar ofte i diskusjon med vaksne rundt deg som vil at du skal gjere ting på deira vis – foreldre og lærarar for det meste – og du bruker truleg mykje tid og energi på å overbevise desse vaksne om at du har rett og dei tar feil. Du kan sikkert tenkje deg å vere den som får det som du vil litt oftare?

La meg først seie at det ikkje finst nokon snarvegar til dette målet – å vinne ein diskusjon. Hadde det vore superenkelt, hadde det ikkje vore ufred i verda. Så enkelt – og så banalt – er det. Men det finst nokre vegar å gå som gjer at ein kjem frå det med respekten for seg sjølv og andre i behold – og somme gonger med ei kjensle av å ha vunne. Og det leier meg rett til første punkt:

1. Du må velje dine krigar: Du kan ikkje vinne alle diskusjonar og kranglar. Ingen gjer det. Er du uenig med læraren din i a) om kyssing i gangen kvalifiserer til anmerking, b) om tre sider engelsklekse er for mykje til i morgon og c) om du skal straffast for at klokka di stoppa slik at du kom for seint? Tru meg, ingen lærar gir seg på alt. Ikkje tale om. Men kva betyr mest for deg? Kva er det viktigast å kjempe for? Bestem deg for det og kjemp på den fronten.

Går du til læraren din og seier: – Eg forstår at eg må passe tida og klokka, eg forstår at de ikkje likar at vi kliner i gangane. Eg skal skjerpe meg på det. Men at du gir oss tre sider engelsklekse frå eine dagen til den andre, det synest eg er mykje. Vi har mykje å gjere. Går det ikkje an å finne ei ordning?

Ved å vise vilje til å kome motparten i møte, oppnår du som eit minimum å setje deg i respekt hjå den andre. Er du heldig, vinn du òg forståing for ditt synspunkt.

2. Ver sakleg: Tenk over kva du har tenkt å seie før du går inn i diskusjonen. Kva gode argument har du? Kvifor skal motparten høyre på deg? Det er muleg at du veit best korleis det er å vere ung i dag, men har du til dømes ikkje lappen bør du ikkje byrje å argumentere som om du veit best korleis det er å vere sjåfør.

Snakk om det du har greie på! Og hald deg roleg. Når det kokar over, ta ein time-out. Det går an å seie det: – No er eg så sint at eg blir useriøs. Eg vil diskutere meir med deg seinare. Nok ein gong er det slik at du set deg i respekt ved å vise at du har kontroll på deg sjølv og diskusjonen.

3. Ta på deg den andre sine sko: Kva vil motparten din eigentleg oppnå med denne diskusjonen? Kva er viktig for den andre? Korleis er det å vere den andre? Å setje seg inn i korleis verda ser ut i andre sine hovud er ei fin øving i mange samanhengar og gjer at du kanskje lettare kan skjøne kva argument som verker og kva som ikkje når inn hjå den andre. Du bruker truleg taktikken allereie i dag? Du veit kva du bør spørje mor di om og kva for spørsmål det er best å gå til far med. Du veit litt om korleis dei tenkjer. Lurt!

4. Ikkje ver redd: Å krangle er ikkje farleg. Ein god diskusjon kan vere nødvendig og utruleg forfriskande. Vi treng dessutan å ta tak i konfliktane og grumset og rydde opp i det. Ikkje skal vi finne oss i alt, heller. Mitt siste råd til deg blir derfor at du må vere trygg på deg sjølv og det du slåst for.

Merker motstandaren at du ikkje meiner det du påstår, eller at du ikkje veit heilt kva du snakkar om, er du nesten dømt til å tape. Lar du vere å krangle fordi du er redd for at den andre skal bli sint på deg, må du opparbeide deg mot nok til å krangle likevel. Alle har rett til å bli høyrd. Ikkje alltid, ikkje heile tida og slettes ikkje i kva språkføring som helst. Men di meining tel, og du har rett til å seie det du meiner.

Å bli høyrd er ikkje det same som å få vilja si, det veit du nok. Men folk skal lukke opp øyrene og høyre etter når du kjemper for det du har kjært. På same måte som du skal høyre på andre som krigar for si sak.

Og kven er eg som trur eg veit så vel korleis du skal gjere det? Eg er journalist og nettredaktør og jobbar med kommunikasjon. Eg er òg mor til fire og har vore på banen i mange krigar. Eg har dessutan vore ung sjølv ein gong. Det er riktig lenge sidan, men tru meg: Somme ting forandrar seg ikkje mykje. Kanskje kan du bruke desse råda når du ein gong i framtida sjølv får barn.

Inntil då: God krangel!