Framtida
Publisert
Oppdatert 10.11.2017 09:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er lett både å seie og sjå at det har skjedd mykje med språket i media det siste tiåret, men samstundes meiner eg det er nødvendig å presisere kva slags mediespråk ein tenkjer på. I mitt tilfelle er det det språket som journalistar bruker i journalistisk formidling, altså ikkje språkbruk som du og eg kan bruke når vi for eksempel kommenterer ein nyheitsartikkel. Vi bør dessutan skilje mellom teksttypar eller sjangrar på same måten – er det ein journalistisk sjanger eller ikkje?

Det enklaste å seie noko om, er dei offisielle rettskrivingsreglane. Bokmålet har fått ei innstramming, nynorsken skal få det. Kvart år kjem det nokre vedtak om korleis ord skal skrivast, men det har ikkje skjedd nokon revolusjon, akkurat. Nest enklast er det derfor å seie noko om nyheitsspråket, både i radio, fjernsyn, aviser og på nettet. Her følgjer redaksjonane stort sett offisiell rettskriving, ofte tilpassa eigne reglar eller prega av språkkunnskapane til kvar enkelt medarbeidar. Men unnatak finst. NRK har fått meir liberale språkreglar, slik at dialektbruk har fått større rom både i nyheitsinnslag og i frå nyheitsavviklarane si side. Somme vil nok sjå på det som ein revolusjon, men det er heller ei utviding av det området dialektbruk har hatt heilt sia 1980-talet i andre program i NRK.

Skal vi finne endringar i mediespråket, må vi sjå på arbeidsformer og såkalla ”plattformer” (mediekanalar) som blir brukt journalistisk i dag. Det er ikkje uvanleg at journalistar leverer saker som blir lagt ut på nettet, dei kan bli trykte og kanskje gjer journalisten lyd- og bildeinnslag om same saka. Det gjer at journalisten får mindre tid til å arbeide med språket, og rettskrivingsfeila kan bli feire om ikkje folk på desken, det vil seie i hovudredaksjonen, passar på. Det er også vanleg med korte avsnitt på nettet, og det kan vi finne att på trykk.

Det som kanskje har påverka mediespråket aller mest, er språkbruk knytt til Internett. Denne språkbruken er på si side prega av tekstmeldingsspråket, som av mange har vorte sett på som ”halvmunnleg”. Her blir det brukt forkortingar, setningar utan subjekt og emotikon, smilefjes om ein vil. Tydelegast er dette på Twitter, tvitring eller kvitring som somme kallar det, mindre på journalistiske Facebook-sider. Twitter-meldingar må vere stutte, og da uttrykkjer ein seg sjølvsagt knapt, slik som i tekstmeldingar. Dermed bryt ein tradisjonelle rettskrivingsreglar.

Det er ikkje unaturleg at språkvaner som ein legg seg til når ein må skrive kjapt og knapt, viser seg også når ein skriv lengre tekstar. Eg har sett emotikon på trykk, og utan at eg kan bevise det, meiner eg at bruken av ufullstendige setningar har auka. Det kan vi til dømes sjå i journalistiske bloggar. Eit problem med ufullstendige setningar er at lesaren må leggje inn dei ledda som manglar, slik at det går litt tregare å lese. Samstundes har dei lesarane som bruker slike medium,  vorte vane med slik språkbruk.

Det språket vi møter i journalistiske tekstar, har altså endra seg, og det heng fyrst og fremst saman med bruken av elektroniske formidlingskanalar og utviklinga av nye sjangrar å gjere. Sjangrane skal eg ikkje kome inn på her, og heller ikkje to andre utviklingstrekk: Meir banning og lengre frasar på engelsk, ikkje berre enkeltord, i  journalistiske tekstar. Shit happens?