Framtida
Publisert
Oppdatert 06.11.2017 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For halvtanna års tid sidan arbeidde eg ein periode som lærar på ein vidaregåande skule i det sørvestlege Noreg (av omsyn til alle involverte skal eg ikkje nemne skulens namn). Det var ei rystande oppleving. Eg hadde tenkt at sidan eg var ein relativt ung lærar – dei fleste av mine lærarkolleger tok meg for å vere ein ny elev – så ville dette gje meg visse føremóner når det gjaldt å kommunisere med elevane. Akk! Så feil eg tok!

Det eg ikkje hadde tenkt på, var sjølvsagt at forståinga av omgrepet ung, med naudsyn vil vere ganske ulikt hjå dei som verkeleg er unge, slik som elevane, samanlikna med dei som berre likar å innbille seg at dei er unge, slik som eg. Lat meg no berre innrømme det: Eg er 28 år. Dét tyder, mellom mykje anna, at eg kan hugse den tida då Noreg berre hadde ein TV-kanal, og at kåseria til Herbjørn Sørebø var mellom dei mest populære postane i programtilbodet til denne kanalen. Du veit ikkje kven Herbjørn Sørebø var? Det understrekar vel eigentleg berre poenget mitt.

Alt i den første undervisningstimen min, ein engelsktime i ein elektroklasse, vart eg avslørt og audmjuka på det grovaste, då det synte seg at eg ikkje visste kva ein såkalla emo var. Når sanninga no ei gong skal fram, må eg vedgå at eg trudde at det som vart sagt var emu, og eg kunne ikkje heilt skjøne kvifor denne vingelause fuglen som lever i Australia og på New Zealand var eit så umåteleg populært skjellsord hjå elevane (”Hald kjeften du, din j***a emo!”). Det faktum at eg, i motsetning til fleirtalet av mine lærarkolleger, kjende til musikken elevane lytta til, filmane og TV-seriane dei såg på, vevsidene dei nytta seg av, også bortetter, synte seg å vere av minimal verdi så lenge eg ikkje kunne skjøne lingoen deira. Det gjekk brått og uventa opp for meg at eg var ein sørgjeleg gamal mann. Etter timen gjekk eg inn på urbandictionary.com og fann ut kva ein emo var. No visste eg det. Men kjensla av å vere ein sørgjeleg gamal mann ville ikkje sleppe taket.

I tillegg til emo var det eit anna tostavingsord, som óg sluttar på –mo, som var svært populært og mykje brukt som skjellsord mellom elevane. Dette bringar meg over til eit anna aspekt ved lærarrolla, som eg, etter kvart som tida gjekk, fann meir og meir problematisk: Du kan ikkje seie kva du meiner. I mange tilfelle må du til og med seie ting du ikkje meiner. Nettopp dette er noko av årsaka til at eg er så glad for at eg har fått høve til å kommunisere med ungdommen her på Magasinett: Her kan eg seie kva eg meiner. I alle fall så lenge eg ikkje oppfordrar mine lesarar til å handle i strid med norsk lov eller Verdserklæringa om Menneskerettane. Og det lovar eg herved å gjere. (Altså: Seie kva eg meiner: Ikkje oppfordre lesarane til å handle i strid med norsk lov eller Verdserklæringa om Menneskerettane!)

Elevane kalla kvarandre altså for homo heile tida. Og då meiner eg heile tida. Ordet opptråtte i språket deira med ein forbløffande frekvens, og det kunne verke som om dei slett ikkje var medvitne om det, på same måte som einskilde, særleg jenter, utan å vere klar over det nyttar ordet liksom fem gonger i kvar setning. Som den vidsynte og kjenslevare mannen eg reknar meg sjølv for å vere, må eg vedgå at eg etter kvart syntest at det vart relativt slitsamt. Ein dag, under ein dobbeltime i norsk der emnet for undervisninga var det klassiske diktet Jeg ser av Sigbjørn Obstfelder, var det ein kar som hadde kalla nesten sin for homo minst 400 gonger, og eg hadde fått nok: (I den følgjande dialogen er deltakarpersonane anonymisert av omsyn til sine eventuelle etterkomarar).

–    Y!
–    Hæ?
–    Kan du ikkje slutte med å kalle X for homo heile tida?
–    Kvifor det?
–    Fordi det ikkje er nokon særleg hyggjeleg ting å seie.
–    Kvifor ikkje? Er det noko gale i å vere homo kanskje?

Hylande latter frå klassa som heilskap. Inkludert han som vart kalla homo heile tida. Eg kunne sjølvsagt halde fram diskusjonen. Men eg visste at eg alt hadde tapt. Dette var ein ung mann som til vanleg ikkje kunne skru saman ei normal heilsetning, og som var ute av stand til å skjøne skilnaden på eit substantiv og eit verb. Men no hadde han altså framsynt eit retorisk naturtalent som var stort nok til å kunne vinne ein diskusjon med læraren sin, den framtidige prisvinnande romanforfattaren, til klassa si umåtelege glede.

Ved eit anna høve fekk eg dette ikkje særskild fantasifulle skjellsordet retta mot min eigen person. Eg hadde kjøpt meg nye skor. Dei var kvite og av semska skinn. Og eg hadde dei på meg til timen neste dag:

–    Fine skor, sa einkvan.
–    Takk, sa eg, som i min dårskap trudde det var ein genuin kompliment og ana fred og ingen fare.
–    Homo eller?

Det er her vi endeleg kjem inn på alt det ein som lærar ikkje kan seie. Her er nemleg eit forslag til kva eg i denne situasjonen kunne hatt lyst til å seie:

–    JA! Eg er homo! Eg har ynskja å fortelje det til dykk så uendeleg lenge, men visste ikkje korleis eg skulle få sagt det, så difor tok eg på meg eit par kvite skor og vona at de skulle oppdage det heilt av dykk sjølv. Det funka perfekt! Eg er så letta! Og når dét først er sagt, så må eg i same slengen óg få seie at du X, og du Y, er nokre rettelege honningklumpar av nokre unge gutar. Har de lyst til å kome på vitjing heime hjå meg i kveld? Eg har boblebad! Og badstu! Og champagne!

Men dette sa eg sjølvsagt ikkje. I staden avkrefta eg hypotesen om at eg skulle vere homo, fortalde, som sant er, at eg er lukkeleg gift med ei kvinne, og ga uttrykk til ein viss skepsis til den mellom elevane tydelegvis svært sterke trua på at ein kan avlese seksualiteten til eit menneske gjennom å sjå på kva fotty dei har på seg. Deretter ba eg dei finne fram læreverket og gjere gramatikkøvingane på side 185. Eg sette meg ved kateteret og såg med glede fram til skuledagens slutt.

No som eg ikkje arbeider som lærar lenger, kan eg endeleg fortelje om denne og liknande episodar. Det er ei stor lette. Det er óg ei stor glede å skulle få lov til å kommunisere med ungdomen under ærlegare og meir likeverdige føresetnader enn dei som ein til vanleg finn i skulen. Poenget er dette: Eg tóler det meste. Alle som vil kan kalle meg kva dei måtte ynskje. Men vent ikkje å få eit diplomatisk og høfleg svar attende.