Ola A. Hegdal
Publisert
Oppdatert 06.11.2017 14:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Foto: StockxhangeDet starta med tannpine. Eg fekk vondt i tennene kvar gong eg åt noko varmt. Når eg åt noko som var kaldt, fekk eg også vondt i tennene.
Eller noko hardt. Eller noko som var surt.
Eg byrja å venje meg til å ha vondt i hovudet etter kvar gong eg hadde eti middag.
Kona sa til meg: «Gå til tannlegen!»
«Meiner du ikkje: ’Du må pusse tennene dine, Jens!’?» sa eg.
«Gå til tannlegen!» sa ho. «Kva er i vegen med deg?»
«Tannpine,» sa eg.
«Du er vel ikkje redd tannlegar?» sa kona og henta telefonen.
«Nei, eg er ikkje redd tannlegar. Eg berre likar dei ikkje.»
Deretter tasta eg nummeret.

Så sit eg der på venterommet. Eg kikar i «Dine penger».
Eg prøver å ikkje lytte etter boring og smerteskrik frå dei lukka
dørene. Med eitt kjem det tilbake til meg, korfor eg ikkje likar
tannlegar. Eg hugsar da eg var gut. Eg gjekk inn til tannlegen
frå venterommet. Tannlegen kika på tennene mine og pirka
i dei. Uansett kor godt eg hadde pussa og gurgla, fann han
som regel eit lite hol.
«Her må vi bore,» sa tannlegen.
Så køyrde han i meg ei sprøyte, og starta opp boret. Anten det
vesle pipeboret, eller det store skramleboret.
Eg veit at eg ikkje kan ha kjent noko. Men lyden var tortur nok
i seg sjølv. Det var fælt å liggje der og gape for ein framand
mann. For ikkje å snakke om korleis det var å gå rundt etterpå
med halve fjeset hengande. Som om eg var ein av dei snåle
frå ei spesialklasse.

Det neste året pussa eg ekstra grundig, ofte og hardt.
Eg var forsiktig med godteri. Eg forbanna meg på at denne
gongen skulle eg vere utan hol!
Innkallinga kom. Då eg blei ropt opp på venterommet,
gjekk eg og sette meg i tannlege-stolen. Tannlegen tok ein rask
kikk inn i munnen min, smilte til meg og sa: «Her må vi bore!»

Det same gjentok seg år etter år. Same kor mykje eg pussa,
fann alltid tannlegen eitt hol som han måtte bore opp og fylle
med amalgam. Det kjendest som å vere fanga i ei absurd verd.
Tennene mine let seg ikkje påverke av tannkrem og fluorvatn.
Dei sørgde for å få hol i ein jeksel om året.
I ettertid har det gått opp for meg – det fantest ikkje nokre hol.
Tannlegane på syttitalet hadde dette som vane. Dei bora opp
ein jeksel i året og fylte han med amalgam, uansett. Fann dei
ikkje noko hol, drilla dei berre opp ein jeksel som var heil.

Kva var årsaka til dette? Godt spørsmål. Truleg meinte dei
at jekslar uansett kom til å rotne opp. Ein kunne like gjerne
stappe dei fulle med amalgam med ein gong. Dessutan
betalte staten for tannhelsa di fram til du var atten. På eit
vis var det difor ein føremon for barna å få borra mest
mogleg medan staten tok rekninga. Iallfall var det ein
føremon for tannlegen.

På ein måte skulle eg ønske at tannlegen hadde sagt det
som det var. Så hadde eg berre innstilt meg på det, i staden
for å slite meg ut på tannpussing. På den andre side: Det er
ikkje sikkert at eg hadde følt meg noko tryggare om tannlegen
hadde vori ærleg. Om han hadde sagt: «Tennene dine er
fine og reine, gut. Men eg har ei nedbetaling på huslånet
snart, så no startar eg opp boret …»

Tilbake i notida. Eg sit i tannlege-stolen og gapar.
Tannlege-dama pirkar på tennene mine. Ho seier: «Ikkje rart
du har tannpine. Du har store slitasje-skader på tannhalsen.
Du pussar tennene alt for hardt!»
«Ja», seier eg. «Eg veit det. Eg gjer det fordi eg er redd
for tannlegar.»