Framtida
Publisert
Oppdatert 06.11.2017 13:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dovegg (Foto: Flickr) Personleg vert eg ofte stilt spørsmål som til dømes: Skriv du sånn der nynorsk? Kvifor skriv du sånn der nynorsk? At du orkar å bruke sånn der nynorsk! (Strengt tatt eit utrop og ikkje eit spørsmål.) Osb. Slikt må ein sjølvsagt berre heve seg høgt over. Men av og til vert nynorsken utsett for alvorlegare åtak.

Noreg har til alt hell ingen særskilt sterk tradisjon for offentleg bokbrenning, men det hender faktisk no og då at slike finn stad også her, og den siste boka som vart brent offentleg på bål her til lands var praktverket Nynorsk Ordliste. (Den som eventuelt ikkje trur meg, kan kontakte Oslo Unge Høgre, som arrangerte stuntet i protest mot sidemål i Oslo-skulen.) Andre åtak på nynorsken finn stad i det skjulte. Det er eit slikt eg skal fortelje om no.

Brød & Vin er ein populær serveringsstad i Bergen sentrum. Dei serverer, som namnet indikerer, hovudsakleg kinamat og øl. Serveringsstaden vert driven av ein hardtarbeidande og hyggjeleg familie frå Vietnam, og underskrivne, som eg har tenkt å ta til med å kalle meg, et og drikk der rett som der er. På herretoalettet, som dei deler med fleire andre verksemder som óg held til i same bygning, har einkvan skrive på veggen med sprittusj: NYNORSKBRU[K]ERE ER NOEN MILLITANTE PEDOFILE JÆVLER! Dette er utan tvil ein interessant påstand. Men kan han verifiserast? Eg ville sjekke om Bergen politikammer hadde noko informasjon om dette på vevsidene sine, og gjorde i den samanheng eit såkalla google-søk, men fann ingenting. (Det vil seie, eg fant sjølvsagt vevsidene til Bergen politikammer, men dei hadde, til mi overrasking, ingen informasjon på vevsidene sine om det emnet som opptok meg.)

Frustrerande. Men eg ga ikkje opp. I staden gjekk eg inn på vevsidene til Universitetet i Bergen, og las gjennom forskingsprofilane til talrike forskarar og forskargrupper ved talrike fakultet, men kor mykje eg enn leita fann eg ikkje eit einaste forskingsprosjekt som tok sikte på å undersøkje dei eventuelle samanhengane mellom bruken av nynorsk, militarisme, og seksuelt begjær retta mot mindreårige. Eg tenkte eg kan hende kunne ringe einkvan, men visste ikkje kva eg skulle seie. Dessutan var det sjølvsagt meiningslaust. Alle veit at dersom det ikkje finst på verdsveven, så finst det ikkje, og så greitt er det med den saka.

Norsk Språkråd, tenkte eg. Dei er eit råd og bør følgjeleg óg kunne gje råd, til ein ung mann som balar med språket, og med eit vanskeleg spørsmål. Men dét kunne dei ikkje. Det finst mykje interessant å lese på Språkrådets vevsider, til dømes om kjønn, språk og likestilling, språkstyrking og språkvern, mållova, stadnamnlova, opplæringslova og lova om opplæring for innvandrarar, men ingenting om sidemål og seksuelle avvik. Eg skjøna det rett og slett ikkje. Eg var freista til å ringe Språkrådets direktør Sylfest Lomheim personleg, men var ei eller anna grunn redd for at han skulle misforstå. Han verkar rett nok som ein overmåte fredsæl kar, men ein kan aldri vite. Eg visste ikkje mi arme råd. Eg gjekk i ring kring meg sjølv medan eg tenkte så det knakte. Og med eitt slo det ned i meg: Statistisk Sentralbyrå! Sjølvsagt! At eg ikkje hadde tenkt på det før! Eg sette meg atter ned framføre datamaskina og fann fram til dei korrekte vevsidene. Eg var spent og såg fram til endeleg å skulle få svar.

Eg kunne ikkje tru det! Ingenting! Kva gjev du meg? Statistisk Sentralbyrå har ifølgje sine vevsider statistisk informasjon på sine vevsider om arbeid, areal, avfall, born og unge, befolking, bedrifter og føretak, bygg og bustad, energi, fiskeri og havbruk, forbruk, helse, informasjonssamfunnet, innvandring, inntekt, jakt og fritidsfiske, jordbruk, klima, kultur og media, likestilling, løn, nasjonalrekneskap, offentlege finansar, olje og gass, prisar, reiseliv, samar, skog, spesialisthelsetenesta, transport, utdanning, utanriksøkonomi, val og varehandel, men ikkje ei einaste statistisk undersøkjing av tilhøvet mellom språk og seksualitet!

Eg fryktar at vi her sit på ei tikkande bombe. Samfunnet generelt og målrørsla spesielt må straks ta dette på alvor. Det faktum at påstanden på herretoalettet på Brød & Vin ikkje kan verifiserast, tyder nemleg at han heller ikkje kan avsannast, og dersom han ikkje kan det har vi eit kjempeproblem. Staten kan trass alt ikkje halde fram med å ause så gildt av sine statlege midlar til sidemålsundervisning, dersom det ikkje kan framleggjast vitskapleg prov på at nynorsk, som jo som kjent er sidemålet for fleirtalet, ikkje fører til pedofili! Det går ikkje. Alle må skjøne at det ikkje kan gå i lengda. O skrekk! Eg kan sjå føre meg overskriftene: STATSSTØTTE TIL PEDO-UNDERVISNING! SKATTEPENGER GÅR TIL PEDO-PROPAGANDA! BARN LÆRES OPP TIL OVERGREP MOT BARN! Osb. Siv Jensen er ”rysta”, Dagfinn Høybråten og Per-Kristian Foss krev ”svar”, medan Lars Sponheim påpeiker at ”ein er nøydd til å vere [sett inn namn på person/fenomen Sponheim ikkje likar] for ikkje å skjøne alvoret i dette”. Eg seier det igjen: Dette går ikkje! Eg er kort sagt temmeleg uroleg.