Denne NRK-serien skal lære barn om overgrep

Filmane tar for seg tema som kropp, grenser og rettar. Skaparane håpar at fleire barn vel å varsle om seksuelle overgrep.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Serien «Kroppen min eier jeg» består av fire teiknefilmar og er produsert av Bivrost Film i samarbeid med Redd Barna og NRK Super. Filmane blir sendt på NRK Super under deira temadagar om seksuelle overgrep denne veka.

– Målet med serien er å gi barn kunnskap om kropp, seksualitet og grenser, slik at dei skal kunne forstå dersom dei blir utsett for eit overgrep, seier Marianne Müller, regissør i Bivrost Film.

– For å få fleire utsette barn til å varsle er det heilt nødvendig at dei får grunnleggjande kunnskap om tematikken, seier Trond Jacobsen, også regissør i produksjonsselskapet.

Bivrost film og Redd Barna er glade for at filmane skal blir sendt på NRK Super, slik at flest mogleg barn får sett dei. Serien er finansiert av Ekstrastiftelsen, Bufdir, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og Viken Filmsenter.

– Å snakke med barn om seksuelle overgrep gjer barn trygge på at ein skal dele vonde hemmelegheiter, at det er viktig og rett å seie ifrå. Denne kunnskapen gir også barn ei betre forståing av, og respekt for, kvarandre sine grenser, seier Hildri Guliksen, sjefredaktør i NRK Super.