mm

«Mens, mens  – hipp hurra för mens! Kroppen funkar som den ska, och det är ju jättebra – hurra!» syng den svenske barne-tv-verten Alexander Hermansson i ein musikkvideo med dansande tampongar.

På eit par dagar har «Menslåten» fått over 90.000 visningar på Youtube.

Musikkvideoen, som er ein hyllest til mensen, er laga til tv-programmet Fredagskväll med Alex, og får tv-premiere på SVTs Barnkanalen i kveld.

Dit kjem og den populære Youtube-bloggaren Clara Henry, som nyleg gav ut boka Jag har mens, hurså?

LES OGSÅ: Svenskane lanserer eige ord for kvinneleg onani

Frå snipp til mens
Den svenske statskanalen SVT sin barnekanal er ikkje redd for å snakka om kropp på nye måtar.

Tidlegare i år fekk dei mange reaksjonar – både positive  og negative – då dei lanserte musikkvideoen om «Snippan och Snoppen».

No vil den svenske satskanalen avdramatisera temaet mensen og få både jenter og gutar til å snakka om det.

Mens er noko av det mest naturlege som finst og alle må kunna prata om mensen, på same måte som alle andre tema. Derfor har me laga ei hyllingslåt til mensen, skriv SVT på sine nettsider.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.05

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE