Frp druknar småbønder i kjøt

Ola Eian, Grøn Ungdom
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Overproduksjonen av sauekjøt i landet er massiv. Kjøtberga på sentrale fryselager veks. Vi eksporterer hundrevis av tonn med kjøt billig til utviklingsland. Sauebøndene her heime får latterleg låge prisar på kjøtet. Likevel finansierer landbruksministeren utbygging av større gardar og premierer auka produksjon. Det beste for landbruket hadde vore om vi reduserte kjøtproduksjonen.

Når kostnadseffektivitet og intens volumproduksjon vert øvste mål for matproduksjonen tapar vi alt det som burde vere målet med norsk jordbruk: mat produsert på lokale ressursar, rettferdig inntekt til bonden, god dyrevelferd og vedlikehald av kulturlandskap. Nå er det  diverre lønsamt å fôre dyra med importert soya framfor norsk gras, og å halde dyra inne framfor å ta dei ut på beite. Summen vert ein dårleg bruk av landet og ein kunstig høg kjøtproduksjon.

Denne politikken er med på å leggje ned dei små gardane. Store bruk vert premiert, prisane stuper, og det vert vanskelegare for dei små å overleve. Avstandsgapet mellom gard og jord aukar dramatisk. Fleire produksjonar mister heilt samsvar med gardens eige ressursgrunnlag, og jordbruk glir over til å bli industri.

Dyra skal få meir plass, meir tid ute og meir tid til sprell og kvile sjølv om det kan reduserer effektiviteten

Det gode jordbruket er eit som ikkje produserer meir kjøt enn det norsk jord gjer grunnlag for. Ku, sau og geit bør prioriterast over kraftfôrbasert kylling og gris. Desse er drøvtyggjarar, og kan nytte utmarksbeite og gjere gras om til menneskemat. Dei bør gjere nettopp dette, heller enn å ete kraftfôr beståande av både korn, palmeolje og soya – som vi kan ete direkte som menneskemat.

Meir mat og mindre klimagassutslepp frå same areal er resultatet når vi nyttar matjorda til menneskemat i staden for husdyrfôr. Redusert kjøtforbruk er ei investering i folkehelsa. Matjorda som ikkje er egna til å dyrke matkorn kan godt brukast til å lage kraftfôr. Men skal vi lage kraftfôr på norsk, så rekk det ikkje til dagens bruk.  Vi må bruke langt mindre. Da vert ikkje sauen like feit og ein får ikkje skvisa like mange liter ut frå kua. Men det er greit! For i det gode landbruk er fornuftig ressursbruk og god dyrevelferd mål som er overordna intensiv produksjon.

Dyra skal få meir plass, meir tid ute og meir tid til sprell og kvile sjølv om det kan reduserer effektiviteten. Vi må nytte meir av innmarka vår til plantebasert menneskemat, redusere kjøtproduksjonen til det som resterande innmarks- og utmarksareal gjer grunnlag for.

Jordbrukssubsidiene bør gå vekk frå bygging av svære fjøs og billig kraftfôr, og over til berekraftig bruk av jord, ivaretaking av dyrevelferd, og ut over det bør forbrukarane betale litt meir for at norske bønder skal kunne produsere god kvalitetsmat. Det kostar å produsere mat på ein god måte, og det er det verdt.